Ariana Humlesnurr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ariana Humlesnurr
Originalnamn Ariana Dumbledore
Fødd 1885
Art Menneske og heks
Blodstatus Halvblods
Kjønn Kvinne
Hårfarge Blond
Hudfarge Ljos
Familie Albus Humlesnurr, Kendra Humlesnurr, Percival Humlsnurr, Aberforth Humlesnurr.
Lojalitet Humlesnurr-familien


Ariana Humlesnurr (1885-1899) var ei halvblods heks i Harry Potter-serien av J.K. Rowling.

Ho var det yngste barnet og den einaste dottera til Kendra og Percival Humlesnurr. Brørne hennar var Aberforth og Albus Humlesnurr som båe var eldre enn Ariana. Då ho var seks år, såg nokre gompegutar Ariana øve på magi. Då Ariana ikkje kunne vise gutane trikset, gjekk dei til åtak på henne for å få henne til å slutte å gjere magien. Dette gav henne så sterke traume at dei magiske evnene hennar vart ustabile og ukontrollerbare. Faren tok til å gå til åtak på gutane, men blei fengsla i Azkaban for det. Mora og familien flytta til Gudriksdal og heldt Ariana gøymt frå dei andre innbyggjarane, av di mora visste at Ariana ville blitt teken til St. Mungos hospital dersom tilstanden hennar vart allment kjend. Under eit anfall då ho var fjorten år gamal, forårsaka Ariana ein magisk eksplosjon som drap mora hennar. Den eldre broren Albus blei då hennar føresette. Ariana døydde då ho tilfeldigvis blei treft av ei forbanning i ein trevegs-duell mellom brørne hennar og den svarte trollmannen Gellert Grindelwald, som var ven med Albus på den tida. Det var aldri kjend kven som gjorde trylleformelen som enda med Arianas dødsfall. Denne hendinga fekk ein stor innverknad på båe brørne sine liv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]