Aricakolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aricakolibri
Aricakolibri
Aricakolibri
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av aricakolibri
Utbreiinga av aricakolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Mellisugini
Slekt: Eulidia
Art: Aricakolibri E. yarrellii
Vitskapleg namn
Eulidia yarrellii

Aricakolibri (Eulidia yarrellii) er ein kritisk truga kolibriart i underfamilien Trochilinae. Han lever i Arica og Parinacota-regionen lengst nord i Chile og er rekna endemisk for Chile sjølv om det òg er ikkje-stadfesta registreringar frå sørlegaste Peru. Han er den einaste arten som er plassert i slekta Eulidia og har ingen underart.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Aricakolibrien er 7,5 til 8,0 cm lang og veg 2,3 til 2,6 gram. Han er den minste fuglearten i Chile. Begge kjønn har ein kort svart nebb. Den vaksne hannen er iriserande olivengrøn på oversida og kvit på undersida. Kløfta er raudlilla og blå, men ser ofte svartaktig ut. Dei sentrale halefjørene er veldig korte og grøne; dei ytre er lengre, svartbrune og buar innover. Hoene har også olivengrøn overside, men er for det meste veldig bleikbrune under, mørkast på buken og mot leggen (tibia). Halen deira er kort og litt gradert med grøne sentrale fjører; dei ytre er svarte med gulbrun base og breie kvite spissar. Umodne hannar liknar på hoa, men har ein flekkete hals og kan ha langstrekte ytre halefjører.[1]

Pinsettkolibrien (Thaumastura cora), som overlappar aricakolibrien sitt utbreiingsområde, er veldig lik aricakolibrien. Hannen har likevel to langstrekte kvite fjører i halen, medan hoa har ein tendens til å ha ein kvitare buk og ein meir brunt i strupeområdet enn aricakolibrien. I motsetning til pinsettkolibi, flyg aricakolibrien vanlegvis med halen på skrå og vipper sjeldan halen.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Aricakolibrien er per 2022 berre kjend frå Lluta-, Azapa- og Vitor-dalane i Arica og Parinacota-regionen i nordlege Chile. Det er ei historisk registrering lengre sør i Antofagasta-provinsen. Det er også udokumenterte observasjonar i Peru i Tacna-regionen og kanskje Moquegua-regionen.[1]

Den chilenske aricakolibrien lever i kratt, krattskog og hagar langs elvedalane i det tørre Arica-området. Høgdenivået varierer vanlegvis mellom 200 og 750 moh., men er mest vanleg under 400 m. Det finst òg ein liten populasjon på rundt 1 800 moh. i Vitor-dalen, og det er enkeltregistreringar så høge som 3 000 moh.[1]

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Aricakolibrien er ein standfugl og rører seg truleg lite rundt. Registreringane opp til 3000 m ymtar likevel om at dei gjennomfører høgdevandringar; kontinuerleg vegetasjon langs elvedalane er kanskje naudsynlege for desse rørslene.[1]

Aricakolibrien lever av nektar frå ei rekkje innfødde og introduserte blomsterartar, buskar, kaktusar og tre. Døme på introduserte nektarkjelder er Hibiscus- og Citrus-artar. Han har ein tendens til å søkje åleine, men det er skildringar om store mengder kolibriar som beitar på eit blomstrande tre. I tillegg til nektar lever aricakolibrien av små insekt som årevengjer, biller og andre som han fangar i flukta.[1]

Det finst hekkefunn av aricakolibrien frå mai, august og september. Det kan tyde på at arten hekkar to gonger i året eller kanskje når som helst på året. Dei fleste av dei dokumenterte reira har vore i oliventre (Olea europaea) rundt 2,3 m over bakken. Nokre få er funne i innfødde buskar og i prydtre. Ingenting anna er kjent om hekkefenologien til arten.[1]

Songen er ei kort og enkel høgstemt trille.[2]

Status og bevaring[endre | endre wikiteksten]

I 1998 vurderte IUCN aricakolibrien som truga. Han vart gradvis oppgradert til han vart erklært kritisk truga i 2014, og er framleis i denne kategorien. Han har eit sterkt avgrensa utbreiingsområde på omtrent 6 220 km2 og ein estimert populasjon på berre 210 modne individ eller omtrent 300 totalt per 2017. Arten var vanleg på byrjinga av 1900-talet, og til og med på 1980-talet kunne meir enn 100 sjåast beite i eit enkelt tre. Bestanden har gått kraftig ned sidan den gong, med anslag på 1500 individ i 2003, 1200 i 2007 og 500 i 2012.[2]

Tap av habitat er det største trugsmålet mot aricakolibrien, berre små flekker med passande innfødd vegetasjon er intakt på grunn av auka konvertering til jordbruk. Effekten av plantevernmiddel og konkurranse med pinsettkolibi er moglege truslar. Hybridisering med den mykje meir talrike pinsettkolibien er eit anna potensielt trugsmål. Ein artsgjenopprettingsplan vart godkjend i 2004 som inkluderte planar for å overvake bestanden, rette opp igjen naturleg vegetasjon, studere konkurranse med pinsettkolibi og moglegheita for å gjeninnføre fuglane i område av deira tidlegare utbreiingsområde.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Schuchmann, K.L., G. M. Kirwan, og C. J. Sharpe (2020). Chilean Woodstar (Eulidia yarrellii), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.
  2. 2,0 2,1 2,2 BirdLife International (2023) Species factsheet: Eulidia yarrellii. Henta 21. februar 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aricakolibri