Arie Haan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arie Haan

Arie Haan Copenhagen 1 april 2009.jpg

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 16. november 1948
Finsterwolde
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Arie Haan i 1978

Arend Haan, kjend som Arie Haan, (fødd 16. november 1948) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Finsterwolde. Midtbanespelaren hadde stor suksess med Ajax i heimlandet og Anderlecht og Standard Liège i grannelandet Belgia. Både i 1974 og 1978 tok han del i VM-finalen for Nederland.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Haan fekk kontrakt med Ajax i 1969. Med storlaget frå Amsterdam hadde han stor suksess i tida 1971-73, var då med om å vinne europacupen tre år på rad og såvel den nasjonale cupen som seriemeisterskapen to sesongar etter kvarandre. Den 2. juni 1971 skåra han som innbytar det siste målet då Ajax vann 2-0 over greske Panathinaikos i europacupfinalen. Sesongen 1971/72 bidrog han mykje då Ajax gjorde storeslem med siger både i den nasjonale serien og cupen, krona så storverket med å forsvare meistertittelen i europacupen. Våren 1973 vann Haan og Ajax europacupen for tredje året på rad og laget vann også den nederlandske serien på ny. Dei neste par sesongane gjekk meisterlaget til Ajax i oppløysing då fleire sentrale spelarar fekk kontraktar med rikare fotballklubbar utanlands.

I 1975 skifta Haan over til den belgiske storklubben Anderlecht. Gjennom seks sesongar var han ein av dei meste sentrale spelarane på laget heimehøyrande i Brussel. Våren 1976 vann Anderlecht den belgiske cupen. Same våren den 5. mai slo Anderlecht London-laget West Ham United med 4-2 i cupvinnarcupen. Også dei to neste åra spelte Anderlecht finale i cupvinnarcupen, i 1977 vart det tap 0-2 mot Hamburger SV, medan Austria Wien måtte reise heim frå finalearenaen med 0-4 tap i 1978. Fyrst i 1981, i sin sjette og siste sesong med Anderlecht, vart Haan belgisk seriemeister med Anderlecht. Derimot vart han seriemeister begge sesongane han spelte på Standard Liège, 1981-83. Med Standard spelte Haan sin fjerde finale i cupvinnarcupen, på Camp Nou i Barcelona vart det i mai 1982 eit eittmålstap overfor nettopp FC Barcelona. 1983/84 gjorde han teneste i PSV Eindhoven.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Haan spelte 21 landskampar over ein toårsperiode frå hausten 1972. Under verdsmeisterskapen 1974 i Vest-Tyskland spelte han alle Nederlands sju kampar. Meisterskapen enda med finaletap 1-2 mot arrangørlandet og utan at Haan kom på skåringslista i turneringa. Åra 1975-77 var Haan ute av landslaget, bortsett frå to oppdrag hausten 1976. Den 25. mai 1978 byrja ein ny landslagsperiode for Haan, han var elles einsleg målskårar då Sverige vart slått 1-0 i ein vennskapskamp. Nett som i 1974 spelte Haan i VM 1978 alle kampane til Nederland. I semifinalen mot Italia vart han matchvinnar med eit fabelaktig langskot frå nærare 40 meter. Etter ekstraomgangar tapte Nederland finalen mot arrangørlandet Argentina. Haan spelte ikkje på landslaget i 1979. I 1980 deltok han i europameisterskapen, der Nederland rauk ut or gruppespelet. Haan spelte 1972-80 i alt 35 landskampar for Nederland og skåra seks mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland
  • Vinnar av Europacupen: 1971, 1972, 1973 med Ajax Amsterdam
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1976 og 1978 med RSC Anderlecht
  • Nederlandsk seriemeister: 1972 og 1973 med Ajax Amsterdam
  • Nederlandsk cupmeister: 1971 og 1972 med Ajax Amsterdam
  • Belgisk cupmeister: 1976 med RSC Anderlecht
  • Belgisk seriemeister: 1981 med RSC Anderlecht. 1982 og 1983 med Standard Liège

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Haan arbeidde som trenar i over 30 år i meir ein ti ulike klubbar. Suksess hadde han med belgisk seriemeister i 1986 RSC Anderlecht, belgisk cupmeister 1993 Standard Liège, kinesisk cupmeister 2011 Tianjin Teda. I 1989 leia han VfB Stuttgart til finalespel i UEFA-cupen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]