Arif Mardin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arif Mardin
Arif Mardin (cropped).jpg
Arif Mardin på Grammy Awards, februar, 1990.
Fødd 15. mars 1932
Istanbul i Tyrkia
Død

25. juni 2006 (74 år)
New York, U.S.

Yrke Musikkprodusent
Arif Mardin på Commons

Arif Mardin (15. mars 193225. juni 2006) var ein tyrkisk-amerikansk musikkprodusent, som arbeidde med fleire hundre artistar innan fleire stilartar som jazz, rock, soul, disco og country. Han arbeidde ved Atlantic Records i over 30 år, både som assistent, produsent, arrangør og visepresident, før han flytta til EMI og var visepresident og administrerande direktør for Manhattan Records. Han samarbeidde med artistar som Queen, The Bee Gees, Anita Baker, Aretha Franklin, Bette Midler, Laura Branigan, Chaka Khan, Scritti Politti, Phil Collins, Daniel Rodriguez, Norah Jones, Richard Marx, Culture Club og Jewel. Mardin fekk 11 Grammyprisar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mardin byrja karrieren sin i Atlantic Records i 1963 som assistent for Nesuhi Ertegün. Nesuhi kom òg frå tyrkia og var bror til Ahmet Ertegün, som var med å starte Atlantic og ein jazz-entusiast dei møtte på Newport Jazz Festival. Mardin steig raskt i gradene og vart studio-manager, husprodusent og arrangør selskapet. I 1969 vart han visedirektør . Han arbeidde tett på mange prosjekt med Ertegün og Jerry Wexler, i tillegg til lydteknikar Tom Dowd. Dei tre legendene (Dowd, Mardin og Wexler) var ansvarlege for «Atlantic-lyden». Arif Mardin trekte seg attende frå Atlantic Records i mai 2001 og starta opp att selskapet sitt Manhattan Records. Han hadde heile vegen band til den tyrkiske musikkindustrien.

Han har produsert mange hit-artistar, som Margie Joseph, Thereza Bazar, The Rascals, Carly Simon, Petula Clark, Bette Midler, Barbra Streisand, Bee Gees, Diana Ross, Queen, Patti Labelle, Aretha Franklin, Lulu, Anita Baker, Judy Collins, Phil Collins, Scritti Politti, Culture Club, Roberta Flack, Average White Band, Hall & Oates, Donny Hathaway, Jeffrey Osborne, Norah Jones, Daniel Rodriguez, Chaka Khan, George Benson, Melissa Manchester, Side Show, The Manhattan Transfer, Modern Jazz Quartet, Willie Nelson, John Prine, Leo Sayer, Dusty Springfield, David Bowie, Raul Midón, Mamas Pride, Jewel og Ringo Starr.

Då Mardin produserte Bee Gees-albumet Main Course i 1975 og songen «Nights on Broadway» oppdaga han den særeigne falsetten til Barry Gibb, som vart eit kjend varemerke for bandet i discotida.

Mardin laga to soloalbum: Glass Onion i 1970 og Journey i 1975. På Journey var han komponist og arrangør, men han spelte òg elektrisk piano og perkusjon, og vart akkompagnert av mange jazzstjerner (Randy and Michael Brecker, Joe Farrell, Gary Burton, Ron Carter, Steve Gadd, Billy Cobham og mange fleire).[1] Mardin komponerte, arrangerte, dirigerte og produserte The Prophet, ei tolking av The Prophet av Kahlil Gibran, i 1974, med Richard Harris.[2]

I karrieren sin på meir enn 40 år, samla han over 40 gull- og platinaplater, over 15 Grammy-nominasjonar og 12 Grammyprisar. I 1990 vart Arif Mardin innlema i National Academy of Recording Arts and Sciences Hall of Fame.

Mardin døydde i heimen sin i New York den 25. juni 2006 etter å ha kjempa mot bukspyttkjertelkreft i lengre tid. Lekamen hans vart flytta til Tyrkia og gravlagd i Üsküdar i Istanbul den 5. juli 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Journey by Arif Mardin @ARTISTdirect». Artistdirect.com. http://www.artistdirect.com/nad/store/artist/album/0,,126231,00.html. Henta 2014-06-06. 
  2. The Prophet, lyrics by Kahlil Gibran, performed by Richard Harris, composed by Arif Mardin. Atlantic SD 18120, 1974