Arild Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arild Andersen
Arild Andersen.jpg
Fødd 27. oktober 1945 i Lillestrøm
Lillestrøm
Instrument

Bassgitar

Sjanger Jazz
Aktive år 1962–i dag
Yrke Jazzbassist, komponist og arrangør
Nettside www.arildandersen.com

Arild Andersen (fødd 27. oktober 1945 i Lillestrøm) er ein norsk jazzbassist, komponist og arrangør. Han har etter kvart vorte internasjonalt kjend som jazzmusikar og har stort sett leidd sine eigne grupper.

Andersen vart kjend som jazzmusikar på slutten av 1960-åra, særleg gjennom samarbeidet med Jan Garbarek. På denne tida spela han også saman med musikarar som Don Cherry, Sam Rivers og Karin Krog. I 1982 starta han bandet Masqualero saman med Jon Christensen, Nils Petter Molvær og andre. Fra 1990-åra har han hatt som musikalsk tyngdepunkt å kombinere norsk folkemusikk med improvisert musikk, mellom anna i sambarbeid med songaren Kirsten Bråten Berg i samband med Vossajazz i 1990 og Edvard Grieg-jubileet i Bergen i 1993. I 1994 skreiv han musikken til Kristin Lavransdatter (for teater). Andersen var «artist in residence» under Moldejazz 2005.

Gjennom åra har han samarbeidd med kjende musikarar som Sheila Jordan, Radka Toneff, Paul Bley og Stan Getz. Dei siste åra har han fått merksemd for dei to albuma han har laga saman med Vassilis Tsabropoulos og John Marshall, Achirana frå 2000 og The Triangle frå 2004.

Arild Andersen er gift med skodespelaren og komikaren Hege Schøyen.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Til Vigdis (1967) med Jan Garbarek
  • Joy (1969) med [[Karin Krog ##
  • Afric Pepperbird (1970) med Jan Garbarek
  • Sart (1971) med Jan Garbarek
  • Terje Rypdal (1971) med [[Terje Rypdal##
  • Triptykon (1972) med Jan Garbarek
  • Clouds in my head (1975)
  • Shimri (1976)
  • Green Shading into Blue (1978)
  • Lifelines (1980)
  • Cycles (1972) med David Darling
  • Molde Concert (1982)
  • In Line (1982) med Bill Frisell
  • Masqualero (1983) med Masqualero
  • Bande a part (1986) med Masqualero
  • Aero (1988) med Masqualero
  • Re-Enter (1989) med Masqualero
  • Sagn (1993)
  • If you look far enough (1993)
  • Arv (1993)
  • Kristin Lavransdatter (musikk) (1995)
  • Sommerbrisen (1995)
  • Julegløggen (1996) med Frode Alnæs
  • Hyperborean (1997)
  • Achirana (2000)
  • Karta (2000)
  • The Sign (2002)
  • Joyosa (2004)
  • Moon Water (2004) med Carsten Dahl
  • The Triangle (2004)
  • Electra (2005)
  • Nomad (2005) med Ferenc Snétberger trio

Kjelder[endre | endre wikiteksten]