Arild Feldborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arild Feldborg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. april 1912
Wien
Død

26. oktober 1987 (75 år)
Bærum kommune

Yrke skribent, sjakkspelar
Born Jan Feldborg

Arild Feldborg (18. april 191226. oktober 1987) var ein norsk revyforfattar og kringkastingsmann.

Feldborg var fødd i Wien. Han var utdanna cand. oecon. i 1934 og virka som forfattar mellom anna ved Chat Noir frå tidleg på 1930-talet, ofte i samarbeid med Bias Bernhoft.

Feldborg var motstandsmann under den andre verdskrigen, og stasjonert i Stockholm. Etter krigen vart han knytt til NRK frå 1947; som redaksjonssjef frå 1955 til 1982, og vart ein sentral medarbeidar innan NRK si underhaldningsavdeling, Radioteatret (redaksjonssekretær 1973-82) og revyteater. Han har også skrive fleire høyrespel og bridgebøker.

Arild Feldborg døydde i Bærum.

Manuskript til Radioteatret[endre | endre wikiteksten]

Manuskript[endre | endre wikiteksten]

Bokutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Charles H. Goren, Bridge i et nøtteskall (Aschehoug, 1962). Omsetjing.
  • Inspektør Snusens memoarer (Helge Erichsens forlag, 1961). Nyutgåve i (1995).
  • Nye snuserier (1962)
  • Bridge med Arild Feldborg (Aschehoug, 1965). Nyutgåve som Bridge fra begynnelsen (1978).
  • Malkersaken (1969). Med Michael Grundt Spang
  • Humor i Norge (Den norske bokklubben, 1974).
  • Damms Kryssordløser (Damm, 1982)
  • Hjernejogg (1989)

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]