Arild Hermstad
Arild Hermstad | |
![]() | |
Fødd | 15. oktober 1966 (56 år) Bergen |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Miljøpartiet Dei Grøne |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Universitetet i Bergen Norges handelshøyskole |
Alle verv |
|
Arild Hermstad (fødd 15. oktober 1966 i Bergen) er ein norsk politikar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Sidan den 26. november 2022 har han vore leiar for MDG.[1]
Liv og virke[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Hermstad har hovudfag i samfunnsgeografi ved Universitetet i Bergen og to åra studiar økonomi ved Norges handelshøyskole.
Han er busett i Oslo med kone og to born.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Hermstad har arbeidd i bank, som brigadekoordinator i Latin-Amerika, med lokalt miljøarbeid i Bergen og i Raftostiftinga. Hermstad var leiar for Framtiden i våre hender frå 2001 til 2017, og styreleiar i Syklistenes Landsforening frå 2013 til 2018.[2]
I perioden mellom 2018 og 2020 var Hermstad den nasjonale talspersonen til MDG saman med Une Bastholm.[3] Han vart valt til nestleiar i partiet på landsmøtet den 25. april 2020. Frå 2. januar 2020 til 9. mars 2021 var han vikarierande byråd i Oslo, dels for miljø og samferdsle, dels for byutviking.[4][5]
Ved stortingsvalet 2017 og stortingsvalet 2021 var han fyrstekandidat i Hordaland for MDG.[6][7][8]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Arild Hermstad vant kampvotering med én stemme - ny MDG-leder» (på norsk). 26. november 2022. Henta 26. november 2022.
- ↑ «Arild Hermstad», Miljøpartiet De Grønne, henta 12. mai 2023
- ↑ «Arild Hermstad valgt til ny leder i MDG». Aftenposten. Henta 13. mai 2018.
- ↑ Suvatne, Steinar Solås (20. desember 2019). «Hermstad erstatter Lan Marie Berg» (på norsk). Henta 2. mars 2020.
- ↑ «Hermstad ut av byrådet», notis på nrk.no 5. mars 2021; besøkt 18. mars 2021.
- ↑ valg.no Vallister og kandidatar 2017
- ↑ MDG Hordaland
- ↑ «Namn på vallista: Miljøpartiet Dei Grøne» (PDF). valg.no. 7. juni 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Arild Hermstad» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mai 2023.