Arild Mathisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arild Mathisen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mars 1942
Drammen
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Arild Mathisen (fødd 14. mars 1942) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Drammen. Han spelte 29 landskampar for Noreg i tida 1965 til 1971, alle som sideback.

Mathisen spelte i yngre år på midtbana til Åssiden IL. I 1962 var han i militærteneste i Nord-Noreg, han spelte då for Harstad IL og var med på å verte nordnorsk cupemeister, mellom andre saman med Trygve Bornø. Frå 1965 til 1968 var han sideback i Vålerengen, som i hans fyrste sesong vart seriemeister for aller fyrste gong. Etter eit par mangre år i Vålerengen, melde han våren 1969 seg til teneste for Strømsgodset IF i heimbyen. Her fekk han oppleve stor suksess allereie i 1969, med cuptriumf på Ullevaal stadion, og endå meir i 1970, då laget sigra i både serien og cupen. Etter fire sesongar i Strømsgodset, avslutta med ein sesong. 1973-sesongen, Mjøndalen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1965 med Vålerengens IF
  • Norsk meister: 1969 og 1970 med Strømsgodset IF
  • Seriemeister: 1970 med Strømsgodset IF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]