Arild Nybø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arild Finne Nybø (fødd 20. september 1967) er ein norsk redaktør, journalist og fotograf busett i Førde i Sogn og Fjordane.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå 1988-2005 var Nybø journalist og fotograf i lokalaviser, lokal-TV, P4, NRK Sogn og Fjordane (1996-2005), og faglærar i media.

Han fekk Sogn og Fjordane journalistlag sin pressepris i 2002 saman med Ottar Starheim, for å ha bygd opp Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nybø var òg med på å bygge opp Nynorsk Mediesenter, og var faglærar der i 2004.

Arild Nybø var informasjonssjef i Helse Førde i 2005. Frå 2006 var han tilsett i Firda som kanalredaktør for firda.no. Frå 2007 til 2009 var han redaksjonssjef i Avishuset Firda og kanalsjef i Mediehuset Sogn og Fjordane (Firda og Firdaposten).

Nybø starta i 2009 selskapet Mediebruket AS der han er dagleg leiar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]