Arild Sundgot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arild Sundgot
Arild Sundgot.jpg
Fødd 17. april 1978
Ulsteinvik
Yrke fotballspelar
Arild Sundgot på Commons

Arild Sundgot (fødd 17. april 1978) er ein norsk fotballspelar. Sundgot er ein angrepsspelar. Fotballkarriera starta i byen der han voks opp, Ulsteinvik, for IL Hødd. Sundgot sitt første møte med Eliteserien kom med nettopp Hødd, i deira opprykk til 1995-sesongen. Her vart det 2 mål på 10 kampar for sunnmøringen.

I 1997-sesongen ikledde Sundgot seg ei ny drakt, nemleg for Lillestrøm SK. Dette er også Sundgot sin noverande klubb, sjølv om overgongsspekulasjonane var store etter endt 2005-sesong. Spelaren vil for alltid vere ein viktig del av Lillestrøm si historie, då Sundgot er den mestskårande spelaren i Eliteserien for klubben nokon gong. På tolv sesongar har han laga 88 mål på 247 kampar for LSK i Eliteserien. Han har med dette slått rekorden til Lillestrøm-legenda Tom Lund, som hadde 64 mål på 149 kampar.

Han er son til tidlegare Høddspelar Otto Sundgot, og bror til Ole Bjørn Sundgot.

Arild Sundgot sine sesongar i eliteserien for Lillestrøm:

Sesong Kampar Mål
1997 12 0
1998 25 3
1999 21 7
2000 22 8
2001 16 9
2002 22 5
2003 19 8
2004 21 14
2005 25 11
2006 24 7
2007 25 10
2008 15 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

http://fotball.aftenposten.no/eliteserien/index.jsp?service=default&stats=true&type=person&personId=1637&seasonId=6500

Lillestrøm – spelarstallen 2013
Målmenn
Noreg 12 Nils Kenneth Udjus
Flagget til Kenya 77 Arnold Origi Otieno
Forsvarsspelarar
Noreg 2 Anders Østli
Noreg 3 Isak Scheel
Noreg 13 Frode Kippe
Noreg 20 Stian Ringstad
Noreg 24 Marius Høibråten
Sverige 27 Fredrik Stoor
Midtbanespelarar
Noreg 4 Ruben Gabrielsen
Sverige 7 Johan Andersson
Noreg 8 Bjørn Helge Riise
Noreg 10 Petter Vaagan Moen
Noreg 11 Erling Knudtzon
Island sitt flagg 14 Pálmi Rafn Pálmason
Noreg 17 Erik Mjelde
Noreg 18 Markus Furseth
Angrepsspelarar
Noreg 9 Fredrik Gulbrandsen
Noreg 19 Joachim Osvold
Flagget til Elfenbeinskysten 21 Moryké Fofana
Noreg 22 Thorstein Helstad