Arill Riise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arill Riise
Medieundersøkelsen 2014 (14113480136) (cropped).jpg
Fødd 5. desember 1958
Sæbø i Ørsta
Yrke journalist
Arill Riise på Commons

Arill Riise (fødd 5. desember 1958 i Sæbø) er ein norsk journalist. Han har tidlegare jobba som nyheitsanker i Dagsrevyen i NRK, og vore informasjonsleiar i Fiskebåtredernes Forbund. I august 2006 byrja han som programleiar i God morgen, Norge!TV 2. I 2008 var han programleiar for Landstinget i same kanal. Han har også vore programleiar for Norge Rundt, Sommeråpent og NRKs kveldsendingar frå VM på ski i Trondheim i 1997. Han jobbar no som nyheitsanker i TV 2 på kveldsendingane 1830 og 21. I 2014 leia han TV2 sine morgon og dagsendingar frå OL i Sotsji saman med Annemarta Giske. Han fekk prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursentrum i 2012 og Kringkastingsprisen i 2016.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1994: Blå fjordar, blått blod
  • 1998: Livet på Sunnmøre blant bona og dæmmagutta
  • 2006: Sild og Grandiosa