Arinbjørn herse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Arinbjørn herse (Arinbjörn hersir), fødd omkring 900 og død omkring 970, var ein norsk stormann og skald.

Arinbjørn var ein mektig hovding og herse i Firdafylke, og far hans var Tore Roaldsson herse. Mor hans var Arntrud Arinbjørnsdotter; ho var etterkomar etter skaldane Brage Boddason og Erp lutande. Opplysningar om denne slekta finst i den islandske Landnåmaboka[1] (kafli 22).

I ei strofe i diktet «Arinbjarnarkvida»[2] er namnet på farfaren (Hroald) nemnt. I diktet nemner òg skalden at Arinbjørn budde i Fjordane (es í Fjǫrðum býr) og det er gissa på at han budde på Vereide[3] i Gloppen kommune.

Arinbjørn er nemnd av Snorre i soga om Olav Tryggvason, men mest opplysningar om han i dei norrøne kjeldene, finn vi i Egilssoga (soga om Egil Skallagrimsson).

I Egilssoga blir det fortalt at sonen til Harald Hårfagre, Eirik Blodøks, miste mor si då han var tre år gamal; han kom då i fostring hjå Tore Roaldsson og Arinbjørn og Eirik vart dermed fosterbrør. Arinbjørn var seinare i livet ein trufast tilhengar av kong Eirik (ca 895–954) og følgde med han då han vart driven ut av landet etter at Håkon den gode (Adalsteinsfostre) vart konge omkring år 934. Arinbjørn fór med kongen til Orknøyane og derifrå herja dei i Skottland og England. Eirik var ei tid konge i Northumberland men i den angelsaksiske krønika er det sagt at Eirik Blodøks vart «driven ut av Northumbria» i 954 og truleg døydde han om lag på den tida.

Etter at Eiriks Blodøks var død, slutta Arinbjørn seg til sonen hans, kong Harald Gråfell og var seinare med på hærferda til Danmark, der begge fall i slaget mot den danske vikinghovdingen Gull-Harald[4], ved Hals i Limfjorden (omkring 970).

Arinbjørn var ein nær ven av skalden Egil Skallagrimson og han er ein av hovudpersonane i Egilssoga. Der er det fortalt at Arinbjørn skal ha redda livet til Egil, då han ved eit høve kom i usemje med kong Eirik Blodøks. Egil dikta «Arinbjarnarkvida»[2], eit minnekvad om Arinbjørn herse. Ikkje alt av diktet er blitt bevart.

Arinbjørn skal ha vore ein god skald, men han er ikkje nemnd i Skaldatal. Ingen dikt av han er kjende.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Landnåmabok frå snerpa.is (norrøn tekst)
  2. 2,0 2,1 Arinbjarnarkvida dikt av Egil Skallagrimsson (Skaldic Project)
  3. Hvor bodde Arinbjørn herse av Magnus Olsen (1960)
  4. Gull-Harald Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]