Arizona State University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arizona State University


Grunnlagt1885
Typestatleg
Studentar42 844 (2018), 135 729 (1. september 2021)
Tilsette4 400
MedlemskapORCID, Digital Library Federation, Association of Research Libraries, arXiv, Center for Research Libraries
Nettstadhttps://www.asu.edu/ (engelsk)

Arizona State University er eit delstatleg universitet med hovudsete i Tempe i Arizona i USA. Universitetet har kring 51 000 studentar i Tempe, 8 200 i Phoenix, og 6 500 i Mesa.

Skulepengane er på om lag 4 450 dollar per år (2006). Det vert tildelt grader heilt opp til doktorgrad (Ph.D) ved Tempe og Mesa, og mastergrad i Phoenix.

Senter for evaluering av kvaliteten av universitet (CMUP) ved Arizona State University er kjent for den årlege rapporten «The Top American Research Universities».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Universitetet vart grunnlagt i 1885 og gjekk under fleire ulike namn fram til det fekk namnet Arizona State College i 1945 og til slutt Arizona State University i 1958.

Skular (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Katherine K. Herberger College of the Arts
  • W. P. Carey School of Business
  • Ira A. Fulton School of Engineering
  • Sandra Day O’Connor College of Law
  • Morrison School of Management and Agribusiness
  • Walter Cronkite School of Journalism and Mass Communication

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arizona State University