Arkeolog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arkeologen Gabriel Gustafson leia utgravinga av Osebergskipet i 1904.
Foto: Oldsaksamlingen

Arkeolog er nemninga på fagfolk som arbeidar innanfor fagfeltet arkeologi. I Noreg vert det utdanna arkeologar ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, men tittelen arkeolog er ikkje verna ved lov.

Under studietida er det vanleg for mange å arbeide ein eller fleire sommarsesongar som feltarkeolog, det vil seie å stå for eller take del i utgravingar og andre granskingar av funnstader, eller leite etter eventuelle funn i område der det er aktuelt å byggje eller gjere anna arbeid som kan skade eller øydeleggje fornminne som er verna i kraft av lovgjevinga.

Mange arkeologar spesialiserer seg på visse tidsepokar og/eller geografiske område.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Om arkeolog på nettstaden utdanning.no.