Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo sett frå Maridalsveien
Foto: Helge Høifødt
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, sett frå plassen bygningane ligg ikring.

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO), som tidlegare hadde namnet Arkitekthøgskolen i Oslo, er ein statleg vitskapleg høgskule for utdanning i faga arkitektur, design, byplanlegging og landskapsarkitektur. På engelsk heiter skulen The Oslo School of Architecture and Design.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Skulen ligg i eit ombygd bygningskompleks i Maridalsveien 29 i Oslo som opphavleg har vore verkstad og sentrallager for dåverande Oslo lysverker, mellom Maridalsveien og eit parkområde med turvegar langs Akerselva. Opphavleg var skulen ei line som vart skipa i 1945 ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS). Arkitektutdanninga i Oslo var til å byrje med berre eit Kurs for krigsramte arkitektstuderende, etter at det i Noreg berre hadde vore utdanna arkitektar ved Noregs tekniske høgskole i Trondheim. I 1961 vart skulen i Oslo ein sjølvstendig vitskapleg høgskule med namnet Statens Arkitektskole i Oslo, som frå 1968 hadde tilhald i St. Olavsgt. 4 på Hammersborg i Oslo. I 1969 fekk skulen namnet Arkitekthøgskolen i Oslo. Lokala i Maridalsveien vart teke i bruk hausten 2001. Ettersom Institutt for Industridesign hadde vorte ein del av høgskulen allereie frå 1996, vart namnet endra i 2005 til Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

Utdanninga i industridesign tok til i Noreg i 1979 som eit toårig etterutdanningskurs, og som full utdanning i 1983. Frå 1989 og fram til Institutt for Industridesign var innlemma i Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, hadde denne utdanninga òg ligge under Statens håndverks- og kunstindustriskole.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]