Arkitektur i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stabbur på Norsk folkemuseum, frå ca. år 1800

Arkitektur i Norge har historisk blitt påverka av endra økonomiske føresetnader, teknisk utvikling, demografiske svingingar og kulturelle endringar. Arkitektonisk påverknad frå andre delar av verda er tydelege i store delar av arkitekturen, men desse er ofte blitt tilpassa for å passa til norske klimatilhøve med harde vintrar og sterke vindar.

Arkitektoniske trendar i Noreg har òg endra seg parallelt med politiske og sosiale endringar gjennom hundreåra. Allereie på vikingtida hadde snikkararbeidet blitt utvikla til eit sofistikert handverk, som syner att i dei elegant konstruerte langskipa.

Etter at kristendomen var blitt innført i landet kom den romanske arkitekturen til å dominera i bygginga av katedralar og større kyrkjer, i stor del som eit resultat av religiøs påverknad frå England. Dette resulterte i karakteristiske rundboga kvelv, tønnekvelv, krossforma støttande pålar og krosskvelv.

På grunn av geografien var folkesetnaden og økonomien spreidde utover landet i mellomalderen. Som eit resultat av dette fortsette den tradisjonelle norsk gardskulturen å vera sterk, og Noreg skil seg frå dei fleste europeiske land gjennom at føydalismen aldri blei innført her. Dette gjer at det i Noreg finst få døme på barokk-, renessanse-, og rokokkoarkitektur, som dei herskande klassane andre stader i Europa favoriserte.

Desse faktorane, i kombinasjon med stor tilgang på tømmer, førte i staden til særskilde tradisjonar innan norsk folkeleg arkitektur som finst att i form av gardsbygningar på fleire norske friluftsmuseum. Det finst bygningar frå mellomalderen fram til 1800-talet på stader som Norsk Folkemuseum i Oslo og Maihaugen i Lillehammer. Det finst også bygningar som slår att på gardar, til dømes i Heidal.

På 1900-talet blei arkitekturen på den eine sida forma av koplinga si til norsk sosialpolitikk, og av innovasjonar innan arkitektur på den andre. Norske arkitektar har fått merksemd for arbeida sine, både nasjonalt - der arkitektur har vore sett på som eit uttrykk for velferdspolitikk - og internasjonalt på grunn av ei mengd innovative prosjekt.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byggeskikk i Noreg har hovudsakleg blitt forma av ein kombinasjon av to behov. På den eine sida krava om å verna menneske, dyr og eigedom frå hardt vêr, som kalde vintrar, vind og stormar, kraftig nedbør i visse område, og på andre sida kravet om å gjera det meste utav knappe ressursar. Fram til moderne tid var òg infrastruktur for transportar primitive, og ein måtte i stor grad brua lokalt tilgjengelege byggjemateriale.

Førhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste spora etter menneskeleg busetnad i Noreg er daterte til cirka 9000 f.Kr, og finst i fjellregionar i noverande Rogaland, der arkeologar har funne flyttbare bustader som sannsynlegvis blei brukt av nomadiske reinjegerar. Spor av liknande telt er òg blitt funne andre stader langs vestkysten. I Fosenstraumen nær Radøy i Hordaland tyder arkeologiske funn på at telta som var i bruk cirka 6500 f.Kr. var av liknande konstruksjon som dei samiske nomadar har halde fram med å nytta til moderne tid.[3]

Desse telta blei sidan halvpermanenta gjennom eit enkelt fundament. Spor av slike er blitt funne rundt om i skjergarden i Vega kommune, eit område som er blitt klassifisert som verdsarv av Unesco.[4]

Dei første heilt permanente bustadene kan ha blitt bygde mellom 3000 og 2000 f.Kr., samtidig som at jordbruket blei etablert i Noreg. Tilgjengelege funn tyder på å tre var det mest nytta byggjematerialet for desse bygningane. Bustader i jernalderen kombinerte vanlegvis skjul for dyr og menneske i same langhus for å halda på varmen. Restar av bygningar frå steinalderen, til bronsealderen og jernalderen er blitt gravne ut i Forsand i Ryfylke, nær Stavanger og på fleire andre stader. Dei fleste førhistoriske langhusa bestod av to rekkjer med stolpar for takstolar som delte opp innsida i tre delar, og vegger i palisader, flettverk eller torv. Liknande bygningar er blitt gravne ut i heile nordvestre Europa.[5]

Vikingtida og mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

To distinkte trehustradisjonar er blitt sameina i norsk arkitektur. Den eine er lafta stover med horisontale stokkar samansette gjennom skår i hjørna, ein teknologi ein trur er blitt påverka av folk frå aust for Skandinavia. Den andre var stavbyggingstradisjonen, som er typisk for stavkyrkjene, og som kanskje er ei utvikling av dei tidlegare langhusa som hadde takberande stolpar nedgravne i bakken. Sjølv om det berre finst nokre få arkeologiske funn av faktiske bygningar frå tida før dei første permanente bustadene, tyder vikingskip (som Osebergskipet) på velutvikla kjennskap til tre- og konstruksjonsarbeid. I Lofoten har Lofotrs Vikingamuseum rekonstruert garden til ein vikinghovding.

I tillegg til dei 28 gjenverande stavkyrkjene i Noreg finst det minst 250 trehus bygde før svartedauden i 1350 att i meir eller mindre intakt stand. Dei fleste av desse er lafta stover, nokre med tillagde stavbygde galleri eller verandaer.

Då den politiske makta i Noreg blei samla i ei statsmakt oppstod behovet å forsvara seg mot ytre trugsmål. Dette førte til til bygginga av større strukturar i samsvar med samtidig forsvarsteknologi. Festningar, bruer og etterkvart også kyrkjer og herregardar blei bygde i stein og murverk. Arkitekturen i desse bygningar følgde dei rådande europeiske stilane.

Stavkyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Urnes stavkyrkje i Luster, lista som verdsarv.

Det blei bygd rundt 1000 stavkyrkjer i Noreg i mellomalderen. Dei fleste av desse blei reist på 1100- og 1200-talet, og fram til byrjinga av 1800-talet fanst stadig så mange som 150 stavkyrkjer att. Mange blei øydelagde i ein periode då den kristne kyrkja gjekk inn for enkelheit og reine linjer. I dag finst berre 28 att, men ei stor mengd blei dokumenterte og registrerte med oppmålte teikningar før dei blei rivne.

At stavkyrkjene har klart seg så lenge kjem av ei mengd arkitektoniske innovasjonar som verna desse store, kompleksa trekonstruksjonane mot nedbør, vind og ekstreme temperaturar. Viktigast er dei massive svillane under stavane som har hindra dei frå å rotna. I dei to hundreåra då ein bygde stavkyrkjer blei denne typen bygningskonstruksjon utvikla til ein avansert kunst og vitskap. Etter reformasjonen blei det ikkje bygd nye stavkyrkjer, men i staden hovudsakleg stein- og lafta kyrkjer. Dei fleste stavkyrkjene forsvann på grunn av at dei forfall, ikkje var rekna som nødvendige eller var for små for kyrkjelydane sine.

Romansk arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Mariakirken i Bergen, eit døme på romansk arkitektur i Noreg.

Dei første steinkyrkjene i Noreg var i romansk stil, og blei bygde under påverknad av angelsaksiske misjonærar, særleg biskop Nicholas Breakspear (seinare pave Hadrian IV).[6]

Seinare kyrkjer var meir påverka av kontinental arkitektur, som kyrkjene i Ringsaker og Kviteseid med fleire. Mange av desse kyrkjer har anten forsvunne eller blei bygd om i gotisk stil, men fleire døme finst framleis att.

Gotisk arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Mange kyrkjer som opphavleg vart oppførte i romansk stil blei bygd ut og endra under den gotiske perioden. Blant desse er domkyrkja i Hamar (no i ruinar), Stavanger domkyrkje og den kjende Nidarosdomen, som ein av dei viktigaste pilegrimsmåla i Mellomalder-Europa.[7]

Under dansk styre[endre | endre wikiteksten]

Vestsida av Nidarosdomen - opphavleg ei romansk kyrkje, ombygd og utbygd i gotisk stil 1183-1248.

I slutten av mellomalderen var den norske staten kraftig svekt, og i 1389 blei landet del av ein union med Danmark og Sverige, Kalmarunionen. Ettersom kongemakta heldt til i Danmark blei statusen til Noreg etterkvart redusert til den til ein provins, og etter reformasjonen blei dei fleste av dei offisielle institusjonane i landet avskaffa. I 1536 opphøyrde Noreg å vera eit sjølvstendig kongedøme, og den norske kyrkja mista autonomien sin.[8] Det danske styret i København såg Noreg som ein bakstreversk provins som hadde ressursar som kunne utnyttast,[9] men som ikkje var verd nokon monumental arkitektur. På grunn av dette er det uvanleg med meir ambisiøse renessansebygningar i Noreg jamført med andre europeiske land.

Festningar, som Akershus i Oslo, Vardøhus i Vardø, Tunsberghus i Tønsberg, Kongsgården i Trondheim og Bergenhus i Bergen, var bygde i stein i samsvar med standardane for forsvarsverk i denne perioden. Mange av desse er blitt moderniserte og bygde om gjennom åra.[10][11]

På 1500-talet bygde òg Hansaen kommersielle bygningar i landet, likt de trebygningar ved Bryggen i Bergen som kombinerer tyske og norske bygningstradisjonar.[12]

Panoramautsikt over Bryggen i Bergen. Dei elleve husa til høgre blei gjenoppbygde etter ein brann i 1702. Dei seks husa til venstre blei gjenoppbygde etter ein brann 1955.

Renessansen[endre | endre wikiteksten]

Etter Svartedauden opphøyrde bygginga av monumentale bygningar. Denne kom igang igjen på 1600- og 1700-talet, då landet var under dansk forvalting. Det finst nokre døme på renessansearkitektur i Noreg. Dei mest framståande er Bergenhus i Bergen, Baroniet Rosendal i Hardanger, Austråttborgen nær Trondheim og delar av Akershus festning.[13]

Den danske kongen Christian IV gjennomførte ei mengd prosjekt i Noreg som i stor utstrekking byggjer på renessansearkitektur.[14] Han var ansvarleg for opprettinga av gruvedrift i Kongsberg og på Røros, som no er ein verdsarvstad. Etter ein øydeleggjande brann i 1624 blei byen Oslo flytta til ein ny stad, bygd som ein forskansa by med ein ortogonal byplan omgjeven av vollar og omdøypt til Christiania. Kong Christian grunnla òg handelsbyen Kristiansand, kalla opp etter han sjølv.

Barokkarkitektur[endre | endre wikiteksten]

Fredrikshald/Fredriksten, ein grenseby som blei bygd for å verna den Dansken-norske riket.

Då Noreg vart utvikla til å bli ein strategisk del av det dansk-norske riket byrja danske kongar å bygga befestningar langs grensene og kysten. Over tid blei dei fleste av befestningane ved grenseområde og hamner endra i samsvar med forsvarsmetodane frå barokken.

Sjølv om dei fleste bustader blei bygde ifølgje lokale tradisjonar, viser visse herregardar (som Austrått og Rosendal) påverknad frå barokkarkitektur. Berre Christiania hadde ein bygningskode som forbaud trehus, og her blei oppført ei mengd store byhus i kontinental stil. Det blei bygd fleire større teglkyrkjer. Det finst gode døme på desse i Bergen, Oslo, Røros og Kongsberg.[15][16]

Stiftgården, det vil seia den kongelege residensen i Trondheim, er truleg den best kjende barokkbygningen i Noreg. Han er eit bustadhus som er ein av de største trekonstruksjonane i nordlege Europa.

Rokokkoarkitektur[endre | endre wikiteksten]

Damsgård hovedgård i Bergen er eit døme på norsk rokokkoarkitektur.

Rokokko var populært under ein kort men viktig periode i Noreg, og finst hovudsakleg i dekorativ kunst, framfor alt innanfor innreiing, møblar og luksusartiklar som bordsylv, glas og steingods. På landet i visse område utvikla folkeartistar det typiske norske dekorative måleriet kjent som rosemåling, og ein nærskyld treskjeringsstil. I meir formell arkitektur finst eit fåtal rokokko-påverka hus i byar og herregardar, alle bygde i tre, særleg i Trondheim og Bergen, der Damsgård hovedgård i Bergen er den viktigaste.

På 1800-talet blei det vanlegare i byar og på landet i dei sentrale delane av landet at treveggar blei dekte av ytterpanel, noko som vart blitt mogleg gjennom utviklinga av sagbruk. Desse bygningane var betre isolerte og fekk eit betre vern mot det harde klimaet, sjølv om den største årsaka til den raske innføringa av denne bygningsskikken var mote, ettersom panelvegger blei sett på som betre enn nakne tømmerveggar som bakgrunn til detaljar og ornamentikk lånte frå klassisk arkitektur.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Napoleonkrigen førte til at unionen mellom Noreg og Danmark blei oppløyst. Frå 1814 var Noreg igjen eit sjølvstendig rike i den svensk-norske unionen. Dei to landa hadde ulike offisielle institusjonar, med unntak for konge og utanrikspersonell. Det gjenvunne sjølvstendet medførte eit krav til nye offentlege bygningar, særleg i hovudstaden Christiania. I det følgjande hundreåret opplevde landet ein signifikant økonomisk vekst i lag med ein auke i folketalet. Også dette gjorde at ein trong ny infrastruktur og nye bygningar.

Nyklassisisme[endre | endre wikiteksten]

Det Kongelege Slottet i Oslo, eit døme på nyklassisistisk arkitektur i Noreg.

På byrjinga av 1800-talet var mindre enn ein handfull akademisk utdanna arkitektar aktive i Noreg, og dei fleste av dei var offiserar som hadde studert til å bli sivilingeniørar. Marknaden for arkitektar var avgrensa i eit glest folka land utan hovudstad, domstol og viktige statlege institusjonar. Det var fremst ei lita gruppe rike kjøpmenn og jordeigarar som viste interesse for arkitektur, men mot slutten av hundreåret auka velstanden for denne gruppa kraftig. Eit fåtal la seg opp store formuar, og desse freista å omgje seg med bygningar og hagar som skulle spegla den sosiale posisjonen deira. Dei hadde gode internasjonale kontaktar og kjende dermed til dei seinaste draga innanfor arkitektur, slik at nyklassisismen blei populær.

Arkitekten Carl Fredrik Stanley (1769-1805) utdanna seg i København, og var nokre år i Noreg kring hundreårsskiftet mellom 1700- og 1800-talet. Han gjorde mindre arbeid for velståande kundar i og rundt Christiania, men det store verket hans var renoveringa av Oslo Katedralskole, det einaste høgare utdanningssetet i Christiania, som blei fullført på 1800-talet. Han la til ein klassisk porticus framfor ein eldre huskropp og eit halvsirkelforma auditorium som i 1814 blei fråskild for at Stortinget skulle ha ein stad å samlast på. Bygningsdelen er blitt lagra og er ein del av Norsk Folkemuseum som eit nasjonalt monument.

Christian Collett (1771-1833), som tok eksamen frå Det Kongelige Norske Bergseminarium i Kongsberg, teiknaUlefos Hovedgaard nær Ulefoss, som blei bygd mellom 1802 og 1807 av sagbrukseigaren Niels Aall. Dette er eit av få teglhus i Noreg med ein palladiansk formgivning, ein sentral kuppel og ein klassisk kolonnade. Collett teikna også fleire andre herregardar og rådhus.

I same periode blei det oppført mange praktfulle nyklassisistiske bustadhus i og rundt alle byar langs kysten, særleg i Halden, Oslo, Drammen, Arendal, Bergen og Trondheim. Desse var i stor grad trebygningar konstruerte for å etterlikna steinarkitektur. Jarlsbergs gods er det største private huset i Noreg. Hovudbygningen blei renovert 1812-1814 under leiing av den danskfødde arkitekten Jørgen Gerhard Løser på oppdrag for grev Herman Wedel-Jarlsberg.

Christiania, som blei norsk hovudstad i 1814, hadde praktisk talt ingen bygningar som passa for dei fleste nye statlege institusjonane. Eit ambisiøst byggprogram blei sett i gang, men blei realisert særs langsamt på grunn av den anstrengde økonomien i landet. Det første større prosjektet var det kongelege Slottet, teikna av Hans Linstow og bygd mellom 1824 og 1848. Linstow planla òg Karl Johans gate, avenyen som bind saman slottet og byen, med ein monumental plass på halvegen som skulle omgjevast av universitetet, Stortinget og andre institusjonar, men berre bygningane som tilhøyrde universitetet blei oppførte etter planen.[17] Christian Heinrich Grosch, ein av dei første arkitektane som var heilt utdanna i Noreg, teikna den opphavlege bygningen for Oslo Børs (1826-1828), Noregs Bank sitt hovudkontor (1828), Christiania Theater (1836-1837), og det første høgskoleområdet for Universitetet i Oslo (1841-1856).[18] For universitetsbygningane søkte han hjelp av den kjende tyske arkitekten Karl Friedrich Schinkel.[19]

Den tyske påverknaden levde igjen i Noreg, og mange trebygningar følgde prinsipp frå nyklassisismen.

Nasjonalromantikk og historisisme[endre | endre wikiteksten]

Trefoldighetskirken i Oslo.

Norsk nasjonalromantikk påverka òg arkitekturen frå kring 1840. Etter tysk førebilde teika mange klassisistiske arkitektar raude teglbygningar for å etterlikna gamle mellomalderbygningar. Romanske og gotiske bygningar blei rekna for å passa for kyrkjer, offentlege institusjonar og fabrikkar. Linstow var den første norske arkitekten som lét seg inspirera av mellomalderarkitektur då han i 1837 føreslo for eit torg at det skulle omgjevast av offentlege bygningar og gjennomskjerast av ein aveny mellom Christiania og det nye kongelege Slottet. På nordsida av plassen planla han universitetsbygningar som skulle byggjast i mellomaldersk eller florentinsk stil, med teglveggar. Den klassisistiske kollegaen hans, Grosch, var den første til å konvertera til historisismen og teikna ei mengd raude teglbygningar etter ei vitjing til Berlin 1838, der han møtte arkitekten Karl Friedrich Schinkel. Det første store historistiske arbeidet til Grosch var dei nyromanske Basarene med vedliggande brannstasjon, nær Oslo domkyrkje, byrja i 1840 og utvida i fleire etappar fram til 1859. Andre arkitektar følgde, blant andre Heinrich Ernst Schirmer med Botsfengselet (fengselet i Oslo, 1844-1851), Gaustad sykehus (1844-1855) og Østbanestasjonen (1854, saman med Wilhelm von Hanno). Også i Oslo utforma den tyske arkitekten Alexis de Châteauneuf (1799-1853) Trefoldighetskirken, den første nygotiska kyrkja, som blei fullført av von Hanno 1858.

Dei fleste villaer og fleirbustadshusa i byane fortsette å byggjast etter klassisk tradisjon med pussa teglveggar. Tilfanget av historiske stilar blei utvida i Homansbyen, det første bustadsområdet i Oslo med frittståande villaer, planlagd av Georg Andreas Bull. Han teikna dei fleste av dei tidlege villaene bygde mellom 1858 og 1862 i ei mengd ulike stilar, alt frå mellomaldersk til klassisistisk og eksotisk.

Dalen Hotel er eit kjent døme på såkalla "drakestil".

Kring 1840 byrja arkitektar teikna trebygningar i ein ny stil, den såkalla sveitserstilen.[20] Stilen og namnet har opphav i Tyskland, der den sveitsiske populærkulturen blei verdsett av nasjonalromantikarane. Formelement som utskotne tak, verandaer og framheva gavlar var inspirerte frå fjellstover. Ei mengd bustadhus, institusjonar og kommersielle bygningar blei utforma i denne stilen, som er kjenneteikna av utsmykka utskytande detaljar.

Sveitserstilen blei utvikla til ein skandinavisk variant, kjend i Noreg som "drakestil", som kombinerte motiv frå vikingtid og mellomalder med folkelege innslag frå seinare dato. Dei mest kjende utøvarane av denne stilen var arkitekten Holm Munthe, som teikna eit stort tal turiststader, utstillingspaviljongar og kyrkjer på 1880- og 1890-talet. Den tyske keisaren Wilhelm II, som årleg vitja Noreg, merka seg desse. Han betalte Munthe for å formgje sin "Matrosenstation Kongsnæs" nær Potsdam og ei jaktstova med ei "stavkyrkje" i Rominten i Ostpreussen. Begge blei seinare øydelagde under andre verdskrigen.

Nasjonalromantiske jernbanestasjonar, kyrkjer og villaer i drakestil blei utforma av utdanna arkitektar og plasserte rundt om i landet, noko som gjorde dei populær i breiare lag av folket. Denne populariteten gjorde at stilen blei halde i live innanfor folkelege bygningstradisjonar lenge etter at stilen var blitt umoderne blant arkitektar, noko som skjedde kring hundreårsskiftet 1900.

Folkeleg arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Trønderlåne - døme på folkeleg arkitektur frå Trøndelag.

Fram til 1900-talet budde og arbeidde dei fleste nordmenn i bygningar konstruerte og bygde ut frå lokale bygningstradisjonar, eller byggeskikk. Desse metodane varierte noko ut frå regionale og klimatiske tilhøve og utvikla seg over tid, men var i stor grad baserte på trø og andre lokalt tilgjengelege materiale.[21]

Sidan mellomalderen var dei fleste bustader laga stover, utforma for å verna mot vêr og vind. I tidleg moderne tid byrja sentralt plasserte opne komfyrar med røykopning i taket vika for steinomnar og skorsteinar. Det blei bygd mange spesialiserte bygningar organiserte rundt eit gardstun.

Ein typisk middels stor gard i det norske innlandet inneheldt eit våningshus, låve, fjøs, eit eller fleire stabbur, ein stall, og av og til eigne hus for høns, grisar og liknande. Hus med eigne varmekjelder, som eldhus og smier, blei som oftast plassert eit stykke bort frå dei andre husa for å hindra storbrannar. Uthus var som oftast separate mindre bygningar. På gardar med handverkarar på fanst det òg spesifikke bygningar for snikkeri, tønnebinding, skomakeri og liknande. Langs kysten fanst det òg sjøbuer, fiskehus, brygger og liknande, og bygningar for dyr og menneske plasserte like ned til strandlinja.

Østlandet og i Trøndelag var husa rundt eit gardstun ofte organiserte i eit kvadrat (firkanttun) og i Gudbranndal skilde ein mellom inntun og uttun. Ordninga og utforminga av dei ulike husa avhang òg av om garden låg i fjellendt eller flatt terräng.

Avhengig av storleiken på garden og den økonomiske stillinga hans kunne det òg finnast ei feststove (oppstove), hus for pensjonerte bønder (føderådstove), sovehus for tenesteguta (drengestove), vognskjul, og eit hus for brennevinproduksjon (brenneskur). Mindre, fattigare gardar kunne ha kombinerte låvar og bustadhus, enklare stabbur og nytta fasilitetane til andre gardar.

Bygningstradisjonane varierte avhengig av region og bygningstype. Stabbur var som oftast plasserte på stylter, noko som gjorde det vanskeleg for mus og rotter, men ikkje kattar, å ta seg inn. Fasadekledninga varierte, ofte for å ta omsyn til lokale klimatilhøve, og taka var ofte tekte med bjørkebark eller torv.

Mange stadar i Noreg hadde gardane seter eller støl, ofte i fjellområde, der kyr, geiter og sau skulle gå ut på beite i sommarmånadene. Setrer bestod ofte av ei lita stove og eit meieri for å laga og lagra ost, rømme og liknande.

Moderne norsk gardar har ofte halde på bygningstradisjonane, men treng ikkje lengre ha dei mange og varierande bygningane ein trenge på gardane i gamledagar. Mange av desse tradisjonar lever vidare i form av fritidshus i fjella og langs kysten.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Den tyske påvejabde som var blitt innført i Noreg gjennom nyklassisismen avtok etter at landet blei heilt sjølvstendig gjennom unionsuppløysinga i 1905. Ein ny generasjon av norske arkitektar utdanna i Sverige tok sikt på å skapa ein distinkt nasjonal arkitektur. Dei søkte å bryta med den tyske historistiske tradisjonen, sjølv om tysk modernisme og byplanlegging kom til å påverka tidleg 1900-talsarkitektur. Skipinga av Noregs Tekniske Høgskole i 1910 og arkitekturutdanninga deira i Trondheim var òg ein føresetnad for den norske arkitekturtradisjonen som voks fram.

Jugend[endre | endre wikiteksten]

Ornate stone three-storied building encompassing a street corner, with a windowed turret and topped by a spiral.
Jugendstilsenteret i Ålesund

Jugendstilen hadde ein viss påverknad på ein heil del bygningar i Noreg som blei teikna kring hundreårsskiftet 1900. Byen Ålesund blei nesten heilt gjenoppbygd i denne stilen etter å ha brunne ned i 1904, og er i dag saman med Riga og Brussel eit av de mest framståande døma på jugendstilen.[22] Trondheim har òg ei stor mengd bygningar i jugendstil medan det i Oslo berre finst eit fåtal bygningar i art nouveau. Dette kjem av at hovudstaden leid av dårleg økonomi og det vart bygt få nye hus her i det første tiåret av hundreåret. Det finst likevel fleire offentlege bygningar i denne stil, som Historisk museum og den gamle regjeringsbygningen. I Bergen er teateret Den Nationale Scene eit godt døme.

Bustadsbygging for massane[endre | endre wikiteksten]

Den demografiske utviklinga i lag med auka sosialt medvit førte med seg ei større politisk og arkitektonisk interesse for å skapa kostnadseffektive, sunne og praktiske bustader for den aukande urbane befolkninga, særleg for arbeidarklassa. Dette var kjent som boligsaken i norsk populærkultur, og har halde fram med å ha ei viktig rolle.[23]

Arkitektur blei eit verktøy for, og ein manifestasjon av, sosialpolitikken, med arkitektar og politikarar som bestemde kva funksjonar som var nødvendige for dei tenkte innbyggjarane til bustadsprosjekta. På 1920-talet fann stadig oppfatninga om at arbeidarklassefamilien ikkje trong badekar, og små leilegheiter og hus bestod berre av eit lite kjøkken og eit eller to rom.

Før andre verdskrigen resulterte ei mengd kooperative investeringsprosjekt - den så alla egne hjem-rørsla - i ein handfull byggeprosjekt. Dette bana veg for andre former av kooperative organisasjonar som sosiale bustadsselskap og bustadssamvirke som blei danna etter krigen for å finansiera og bygga bustadsområde i storskala. Det største - Oslo Bolig og Sparelag, kjent som OBOS - bygde det første bustadsområdet sitt, Etterstad i Oslo, men det fanst liknande initiativ over heile landet. Desse kooperasjonane sette ein ny byggestandard for bustader når dei engasjerte arkitektar som utforma løysingar fekk dei bygde. Heile seksjonar, såkalla drabantbyar, blei bygde i utkanten av større byar. Den første av desse - Lambertseter - var på denne tida noko heilt nytt i dei austlege delane av Oslo, men liknande område dukka òg opp i Bergen, Trondheim og andre byar. Høgdepunktet for denne byggeforma var i 1966 i og med bygginga av dei massiva bygningane i Ammerudlia.

Rørsla førte med seg ein del spørsmål om utforming av bustader, som:

  • Kjøkken - tradisjonelle norske heimar hadde kombinert stove og kjøkken, men i tidlege leilegheiter var små såkalla "laboratoriekjøkken" populære. Over tid blei desse erstatta av større kjøkken.
  • Dagslys - store bustadhus blei utforma for å gje sollys til innbyggjarane, helst med kjøkkenet mot aust som gav morgonljos, og stova mot vest for å få kveldsljos.
  • Isolasjon - behovet for separate soverom for foreldre og barn, og for kvart av borna, førte over tid til større leilegheiter.
  • Einsemd - monolittiske, homogene leilegheitskompleks kunne skapa utrivsel og isolasjon.

Dei opplevde problema med sosial bustadbygging i storskala førte til forsøk på å skapa kostnadseffektive bustadsløysingar som var meir varierte, meir integrerte med miljøet og framfor alt meir tilpassa til familiebehova. I 1973 røysta Stortinget gjennom ein politikk for å byggja mindre bustader heller enn store fleirfamiliehus. Den statlege Husbanken gav borgarar høve til å finansiera bygginga av eigne heimar, og ein heil byggjebransje blei utvikla for å møta desse behova.

Som eit resultat av lobbyaktivitet frå bygningsentreprenørar som Olav Selvaag og andre, blei gammaldagse lover avskaffa, og regelverket blei forenkla slik at det blei enklare å byggja bustader etter eigne ønske. I Noreg er det vanleg at ein renoverer sjølv, og det er ikkje uvanleg å bygga sin eigen bustad.

Funksjonalismen[endre | endre wikiteksten]

Villa Eide i Bergen, eit døme på funksjonalistisk arkitektur.

På slutten av 1920-talet byrja arkitektar i Skandinavia å følgja modernismen - ein stil som i Skandinavia kom til å heita funksjonalisme, eller "funkis". Modernismen hadde hovudsakleg tilhengar blant yngre arkitektar, særleg i Noreg. Det definitive gjennombrotet var Stokkholmeutstillinga 1930. Etter denne gjekk dei fleste arkitektane i Skandinavia over til den moderne rørsla. Ingen andre stader blei modernismen så tonegjevande innan arkitektur. Han heldt på den dominerande stillinga si fram til cirka 1940.

Ei mengd nasjonale landmerke, særleg i Oslo, er utforma i funksjonalistisk stil, der den første var Skansen-restauranten (1925-1927) av Lars Backer, riven i 1970. Backer utforma òg restauranten på Ekeberg, opna 1929. Kunstgalleriet Kunstnerernes Hus av Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas (1930) viser stadig spor av den tidlegare klassisistiske trenden. Hvalstrands bad (1934) er eit av fleire offentlege norsk sjøbadeanlegg teikna av André Peters.[24] Eit år tidlegare blei Ingierstrandsbadet teikna av Ole Lind Schistad (1891-1979) og Eivind Moestue (1893-1977). Andre store namn innanfor norsk funksjonalistisk arkitektur er Ove Bang, Fridtjof Reppen, Nicolai Beer (1885-1950) og Per Grieg (1897-1962).

Gjenreising[endre | endre wikiteksten]

Etter andre verdskrigen førte den brende jords taktikk frå dei tilbaketrekkande Wehrmachtstroppane til at store område i Nord-Noreg måtte gjenreisast. Det var store behov for nye bustader i 1945. Ein arkitektkonkurranse resulterte i ei mengd enkle, kostnadseffektive og snøggmonterte bustader, som var spartanske og braut med eldre byggnormer, men fylte eit stort behov.[25] Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms i Hammerfest er eit museum vigd denne perioden.

Samtidstema[endre | endre wikiteksten]

Hotellet Scandic Seilet i Molde.

Fleire trendar påverkar samtidsarkitekturen i Noreg, mellom anna:[3]

  • Aukande offentleg og privat velstand. Bygningar skal fylla fleire føremål og er forventa å oppfylla stadig meir kompliserte krav, som Operahuset i Oslo teikna av Snøhetta som ikkje bare reflekterer ein ambisjon om å byggja eit kulturelt sentrum, men òg å skapa ein arkitektonisk ikon for Oslofjorden.
  • Estetikk som ein velverefaktor. Frå det tidlege strenge prinsippet om at form følgjer funksjon, finst ei større forståing om at estetikk påverkar fysisk og psykisk helse hjå dei som nyttar bygningar og konstruksjonar. Norske helselover har under fleire tiår framheva vekta av tilgang til dagslys og frisk luft, og eventuelt kan dei harde klimatilhøva utgjera ei ekstra drivkraft for å skapa opplyftande estetikk.
Operahuset i Oslo av arkitektkontoret Snøhetta som har gjort seg kjend internasjonalt for den spektakulære arkitekturen sin.
  • Miljøomsyn. I tillegg til spørsmål om luft- og vassforureining har norsk arkitektur òg framheva vekta av integrasjon med naturlandskapet. Arkitektar har òg arbeidd saman med ingeniørar for å få det meste ut av knappe ressursar som til dømes energi, vatn og liknande.
  • Demografisk mangfald. Folkesetnaden i Noreg har gått gjennom betydelege endringar dei seinaste tiåra, som har resultert i nye religiøse bygningar.
  • Norske bygningstradisjonar. Sjølv om det nok er overdrive å tala om ein renessanse for tradisjonell norsk arkitektur, har stadig meir byplanlegging blitt påverka av behovet for å verna eller gjeninnføra desse tradisjonane. Gode døme på dette er planane om å fornya sentrum i Oppdal og nyleg arbeid i Oslo-bydelen Grünerløkka.

Det blir delt ut fleire arkitektoniske prisar i Noreg, mellom anna Houens fonds diplom, Treprisen, Statens byggeskikkpris, Sundts premie, Betongelementsprisen, Betongtavlen, Glassprisen, Murverksprisen, Stenprisen og Stålkonstruksjonsprisen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Queen promotes Norwegian architecture at the Royal Institute of British Architects». Royal Norwegian embassy in London. 27. oktober 2005. Henta 14. mars 2008. 
  2. «Library in Alexandria». Royal Norwegian embassy in Cairo. Arkivert frå originalen 22. desember 2007. Henta 14. mars 2008. 
  3. 3,0 3,1 Brekke, Nordhagen, and Lexau: Norsk arkitekturhistorie.
  4. «Vega Islands as World Heritage». Vega Archipelago Foundation. Arkivert frå originalen 28. november 2007. Henta 14. mars 2008. 
  5. «Fortidslandsbyen Landa». Arkivert frå originalen 3 April 2008. Henta 14. mars 2008. 
  6. «Catholic Church of Norway: The History of the Catholic Church in Norway». katolsk.no. 
  7. «About the Nidaros Cathedral». Nidaros Cathedral. Arkivert frå originalen 7. juli 2006. 
  8. https://web.archive.org/web/20090710040256/http://www.norway.org/history/upto1814/unionden/unionden.htm
  9. «Norway in the United States». Norgesportalen. Henta 12. april 2018. 
  10. Morten Ryen (2005). «Rosenkrantztårnet: To tårn for prisen av ett». Åpent rom. Statsbygg. Arkivert frå originalen 14. juli 2006. 
  11. Guthorm Kavli: Norges festninger : fra Fredriksten til Vardøhus, 1987. Oslo, Universitetsforlaget, ISBN 82-00-18430-7
  12. «Overview of Schøtstuene on the Hansa wharf». Arkivert frå originalen 19. oktober 2006. 
  13. Håkon A. Andersen (1996) Austrått, ISBN 82-90502-17-6
  14. Joakim A. Skovgaard (1973) A king's architecture: Christian IV and his buildings, London, ISBN 0-238-78979-9
  15. Gunvor Thingstad Bøen, Hølje Bøen (2003) Kongsberg kirke: bergstadens juvel, ISBN 82-91399-23-9
  16. Sverre Ødegaard (1997) Bergstaden Røros, ISBN 82-91399-03-4]
  17. Thomas Thiis-Evensen (2000-06-24) Det nye Slottet, Aftenposten
  18. Elisabeth Seip et al. (2007) Chr. H. Grosch: arkitekten som ga form til det nye Norge, ISBN 82-92238-01-8
  19. Aslaksby, Truls & Ulf Hamran (1986) Arkitektene Christian Heinrich Grosch og Karl Friedrich Schinkel og byggingen av Det kongelige Frederiks Universitet i Christiania, ISBN 82-90359-32-2
  20. Jens Christian Eldal (1998) Historisme i tre: "sveitserstil", byggeskikks-romantikk og nasjonal eigenart i europeisk og norsk trearkitektur på 1800-tallet
  21. Peter M. Anker (2004) Norsk folkekunst: kunsthåndverk og byggeskikk i det gamle bondesamfunnet
  22. Harald Grytten et al. (2004) Fugl Føniks: Ålesund opp av asken
  23. Ulf Grønvold (red.) (2005) Hundre års nasjonsbygging: arkitektur og samfunn 1905 - 2005, isbn: 9788253027586.
  24. Bernt Bucher-Johannessen, Eira Kjernlie and Peter Lawrance: Hvalstrand bad : maten, arkitekturen, historien.
  25. Ingebjørg Hage: Som fugl føniks av asken? : gjenreisingshus i Nord-Troms og Finnmark

Trykte kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnarsjaa, Arne: Norges arkitekturhistorie, Abstrakt, Oslo 2006 (nb). ISBN 978-82-7935-127-6. 
  • Grønvold, Ulf: Hundre års nasjonsbygging - arkitektur og samfunn, 1905-2005, Pax forlag, Oslo 2005 (no). ISBN 82-530-2758-3. 
  • Brekke, Nils Georg: Norsk arkitekturhistorie - frå steinalder og bronsealder til 21. hundreåret, Det Norske Samlaget, Oslo 2003 (nn). ISBN 82-521-5748-3. 
  • (bokmål)Brochmann, Odd: Bygget i Norge. En arkitekturhistorisk beretning, Gyldendal, Oslo 1979 (nb). ISBN 82-05-12328-4. 
  • Bjørn Myhre, Bjarne Stoklund, Per Gjærder: Vestnordisk byggeskikk granska 2000 år. Tradisjon og forandring fra romertiden til 19. århundre. AmS skrifter nummer 7, Stavanger
  • Eilert Sundt: Om bygningsskikken på landet i Norge. 1862.
  • Christian Norberg-Schulz: Modern Norsk Arkitektur. 1986. Oslo. Scandinavian University Press. ISBN 82-00-07696-2
  • Christian Norberg-Schulz: Stedskunst. 1995. Oslo. Gyldendal. ISBN 82-05-23502-3
  • Ole Daniel Bruun: Arkitektur i Oslo. 1999. Oslo. Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-0948-0