Arktisk råd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arktisk råd
Skipa19. september 1996
HovudkontorFramsenteret
Nettstadhttps://arctic-council.org/ Sjå dette på Wikidata
Arktisk råd ██ medlemsstatar██ observatørstatar
Arktisk råd heldt det åttande årsmøtet sitt i Kiruna i 2013

Arktisk råd er eit mellomstatleg organ for samarbeid om spørsmål knytte til utfordringar for landa i Arktis. Formålet er å fremja berekraftig utvikling med omsyn til miljø, økonomi og sosiale tilhøve.

Medlemslanda i Arktisk råd er Canada, Danmark med Færøyane og Grønland, Finland, Island, Noreg, Russland, Sverige og USA.[1] Dei åtte landa leiar rådet på omgang. I 2023 tok Noreg over leiarskapen.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rådet blei formelt danna i 1996 då utanriksministrane til medlemslanda kom saman i Ottawa i Canada, og vedtok Ottawa-fråsegna om samarbeid i Arktis. Vidare har seks internasjonale urfolksorganisasjonar status som permanente deltakarar i rådet. Fleire ikkje-arktiske statar, internasjonale organisasjonar og ikkje-statlege organisasjonar har observatørstatus i Arktisk råd.

Sekretariatet til Arktisk råd fekk fast tilhald i Tromsø i 21. januar 2013, med adresse i Framsenteret.[3]

Urfolk i rådet[endre | endre wikiteksten]

Arktisk råd inkluderer seks internasjonale urfolksorganisasjonar som er organiserte under paraplyorganisasjonen urfolkssekretariatet i Arktisk råd (IPS) i København. Arktisk råd er den fyrste overnasjonale organisasjon som gjev denne formelle deltakarstatusen til urfolk.

Pause i møteverksemda[endre | endre wikiteksten]

På bakgrunn av den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 gav Canada, Danmark, Finland, Island, Noreg, Sverige og USA i mars 2022 ut ei felles fråsegn om at representantar frå dei respektive landa ikkje kom til å reisa til Russland for møte i Arktisk råd.[4]

I juni same året tok ein opp att prosjektet utan russisk deltaking.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «About the Arctic Council». The Arctic Council. 7. april 2011. Henta 17. september 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Arktisk råd», Regjeringen.no (på norsk), 1. februar 2023, henta 14. april 2023 
  3. AS, Copyright © 2022 Framsenteret Drift. «Arktisk råd permanent i Tromsø» (på norsk bokmål). Henta 8. mars 2022. 
  4. «Joint Statement on Arctic Council Cooperation Following Russia’s Invasion of Ukraine» (på engelsk). Henta 8. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arktisk råd