Hopp til innhald

Arktiske folk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utbreiinga av folk i områda rundt Nordpolen, ca. 2009

Arktiske folk eller sirkumpolare folk er folkegrupper, særleg urfolk, som lever i Arktis.

Forhistorie[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste innbyggjarane i den sentrale og austlege delen av Arktis i Nord-Amerika blir kalla den arktiske småreiskaptradisjonen (engelsk Arctic small tool tradition, AST). Han fanst frå ca. 2500 f.Kr., og omfatta fleire såkalla paleo-eskimokulturar, mellom anna Independence I-kulturen og pre-Dorset-kulturen.[1][2] Dorsetkulturen viser til dei neste innbyggjarane i det sentrale og austlege nordamerikanske Arktis. Dorsetkulturen utvikla seg gjennom teknologiske og økonomiske endringar frå 1050 til 550 f-Kr. Bortsett frå i Quebec og Labrador forsvann kulturen rundt år 1500.[3]

Overgangen frå Dorset- til Thule-kulturen fann stad rundt 800-900-talet. Forskarar har spekulert i om det kan ha vore kontakt mellom dei to kulturane, som utveksling av teknologi som harpunhovud, eller thulefolk kan ha funne restar etter dorsetkulturen og utvikla sin teknologi med inspirasjon frå den tidlege kulturen.[4]

Historiske og samtidige folk[endre | endre wikiteksten]

Inuittar stammar frå thulefolka. I 1300 hadde dei busett seg på Vest-Grønland, og vandra inn i Aust-Grønland det neste hundreåret.

Andre sirkumpolare folk er tsjuktsjarar, evenkar, khantiar, korjakar, nenetsar, samar, jukaghirfolk og yupikfolk.

Arktiske folk etter språkgruppe[endre | endre wikiteksten]

Tsjuktsjarfamilie fotografert av Louis Choris (1816)
Inuittisk iglolandsby i 1824, av George Francis Lyon
Samar i Noreg, ca. 1900, måla av Wilhelm Peters

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hoffecker, John F. (2005). A prehistory of the north: human settlement of the higher latitudes. Rutgers University Press. s. 130. ISBN 0-8135-3469-0. 
  2. Gibbon, pp. 28–31
  3. Gibbon, pp. 216–217
  4. Gibbon, p. 218

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Takashi Irimoto, Takako Yamada (red.) Circumpolar Religion and Ecology: An Anthropology of the North, University of Tokyo Press, 1994, ISBN 9780860085157.