Arktisløvetann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arktisløvetann
Taraxacum arcticum (Longyearbyen).JPG
Arktisløvetann på Svalbard
Vitskapleg namn
Taraxacum arcticum
Dahlst.
Utbreiing
Utbreiing: Arktiske område nord i Eurasia
Systematikk
Rike: Plantae
Rekke: Magnoliophyta
Familie: Asteraceae
Slekt: Taraxacum
T. arcticum

Arktisløvetann (Taraxacum arcticum) er ein plante i løvetannslekta.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Planten er 5–10 cm høg med kvite eller svakt gule blomstrar. Blada er djupt flika. Han skil seg frå polarløvetann, som også veks på Svalbard, ved at sistnemnde alltid har kraftig gule blomstrar og store blad i rosetten.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arktisløvetann veks på frodige stader over heile Svalbard, men han er rekna som sjeldan. Elles veks han på stader med tørr tundra, i fuglefjell og på elveøyrer i arktiske område nord i Europa og Asia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]