Arktitsjeskij Institut-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arkticheskiy.PNG
Plasseringa til Arktitsjeskij Institut-øyane i Karahavet.

Arktitsjeskij Institut-øyane (russisk Острова Арктического института) er ei lita øygruppe med smale øyar dekte av tundra. Dei ligg i Karahavet, om lag 173 km nord for kysten av Sibir og 45 km sør for næraste øygruppe, Izvestij TSIK-øyane.

Avstanden mellom den nordlege og sørlege enden av øygruppa er 49,5 km og på det breiaste er ho berre 21 km frå aust til vest. Den største av øyane vert kalla Bolsjoj («Stor»)

Det er mykje pakkis i havet omkring Arktitsjeskij Institut-øyane gjennom den lange vinteren og klimaet er hardt. Sjølv om sommaren er det mykje isflak i havet.

Øygruppa høyrer til Krasnojarsk kraj i Russland og er ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.

Arktitsjeskij Institut-øyane vart kalla opp etter Det arktiske og antarktiske forskingsinstituttet i Sovjetunionen.

Øya Sidorova vart kalla opp etter den sibirske handelsmannen og gullgruveeigaren Mikhail K. Sidorov (1823-1887), som hadde ein visjon om å utvikla handel langs Nordaustpassasjen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 75°32′N 82°05′E