Armanaz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 36°05′N 36°30′E
Armanaz
أرمناز
by
ArmanazIdlib2012.jpg
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib guvernement
Distrikt Harem-distriktet
Nahiyah Armanaz
Høgd 340 moh.
Koordinatar 36°05′N 36°30′E
Folketal 10 296 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer 23
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Armanaz

Armanaz (arabisk أرمناز) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, 20 kilometer nordvest for Idlib nær grensa til Tyrkia.[2] Av stader i nærleiken finn ein Salqin, Harem og Kafr Takharim i nord og Idlib, Ma'arrat Misrin og Saraqib i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Armanaz eit folketal på 10 296 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Aramanaz nahiyah som består av tolv landsbyar med eit samla folketal på 27 267.[1] Armanaz er kjend for glasindustrien.[3] Han er òg kjend for olivenlundane, olivenolje og keramikk.

I vekene etter kampane sommaren 2012 under den syriske borgarkrigen erobra opprørarar Armanaz frå den syriske hæren den 20. juni.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Armanaz» er av før-semittisk opphav.[3] I følgje historikaren Carl Joham Lamm indikerer antikke kjelder at Armanaz vart grunnlagd av glasarbeidarar frå ein by nær Tyr (dagens Libanon) med same namn.[4]

I 1098 vart seldsjukkar-herskaren i Antiokia, Yaghi-Siyan, drepen i Armanaz,[5] som då var eigedomen til Maarrat Misrin,[6] medan han rømde byen etter at Antiokia hadde blitt erobra av krossfararar.[5] Under Ajjubide-dynastiet tidleg på 1200-talet skreiv den syrisk geografen Yaqut al-Hamawi at landsbyen Armanaz var «ein eldgamal og liten by, kring 5 league. Dei lagar her keramikk og drikkekar, raud på farge og med ei særs søtleg lukt.»[7]

I mellomalderen nemnte den muslimske historikaren Izz al-Din ibn Shaddad al-Halabi Armanaz som ein av 22 forlatne eller ruinerte festningar i Aleppo-området, truleg øydelagd under mongolinvasjonane av Syria midt på 1200-talet og vart ikkje bygd opp att då mamelukkane fekk makta i området.[8]

Undet det antifranske opprøret leia av Ibrahim Hananu i 1919, styrte soldatane til Hananu i Armanaz og la skatt på landeigarar, kvegeigarar og bønder for å støtte opprøret. Frå Armanaz strekte makta til Hananu seg til Harem, Jisr al-Shughur, Kafr Takharim og Idlib med same skattlegginga og styringa i desse kommunane.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 Syria: Rebels appear to control large parts of northwest. Global Post. 2012-07-04.
  3. 3,0 3,1 Litman, 1949, s. 77.
  4. Lamm, 1941, s. 62.
  5. 5,0 5,1 Ginkel, s. 241.
  6. Gibb, s. 44.
  7. le Strange, 1890, s. 399.
  8. Raphael, 2010, s. 89-90.
  9. Gelvin, 1998, s. 134.