Armand Carlsen
Armand Carlsen | |
![]() | |
Fødd | 20. oktober 1905 Oslo |
Død | |
Yrke | skøyteløpar, sykkelryttar |
Armand Carlsen på Commons |
Armand Henning Carlsen (20. oktober 1905–8. mai 1969) var ein norsk skøyteløpar frå Oslo. Han representerte Oslo Skøiteklub.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Armand Carlsen representerte Noreg i skøyteløp frå 1925 til 1935. Han deltok i i alt 15 EM og VM, og fekk inga dårlegare plassering enn nr. 12. Under VM i 1927 vann han bronse.
Ei veke før OL 1928 deltok han i VM i Davos i Sveits. Her sette han ny verdsrekord på 10 000 meter med tida 17.17,4. Med dette sletta han gamlerekorden til Oscar Mathisen frå 1913. Rekorden til Carlsen skulle bli ståande i 10 år og 1 dag, til Ivar Ballangrud sletta han i 1938, også i Davos.
Carlsen deltok i Vinter-OL 1928 i St. Moritz, og fekk her ein femteplass på 5000 meter som beste plassering. Han vann 10.000 meter i NM same året. Carlsen vann også 10.000 meter under VM i 1934.
Armand Carlsen var også ein dyktig banesyklist, og fekk sylv i NM i banesykling i 1928. I 1929 vart han tildelt Egebergs ærespris for sin innsats innan både sykkel- og skøytesporten.
Armand Carlsen var president i Norges Skøyteforbund 1956–61. Sonen, Armand Carlsen, jr. har også vore skøyteløpar samt idrettsleiar, og barnebarnet Øystein Carlsen som m.a. deltok under vinter-OL 1994, har tevla for same skøyteklubben som bestefaren. [1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Bokmålswikipedia om Armand Carlsen, henta inn 9. desember 2011.
- «Armand_Carlsen» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 9. desember 2011.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Armand Carlsen på Sports-reference.com, arkivert frå originalen 20. oktober 2012, henta 9. desember 2011