Armand Guillaumin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Armand Guillaumin
Armand Guillaumin, selfportrait, 1878.jpg
Fødd 16. februar 1841
Paris
Død

26. juni 1927
Orly

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar, kunstnar, grafikar

Jean-Baptiste Armand Guillaumin (16. februar 184126. juni 1927) var ein fransk målar og litograf som tilhøyrde impresjonismen.

Armand Guillaumin var fødd i Paris. Då han var 21 år gammal, byrja han å jobba i undertøysbutikken til onkelen sin medan han fekk teikneundervisning om kvelden. Seinare arbeidde han for statlege jernbanen. Frå 1861 studerte han på Académie Suisse. Der møtte han Paul Cézanne og Camille Pissarro, som han skulle bli venar med livet ut. Sjølv om han ikkje er blitt like kjent som Cézanne og Pissarro, hadde han sterk innverknad på arbeidet deira. Cézanne gjorde si første etsing basert på Guillaumin sitt måleri av lekterar på Seinen.

Guillaumin stilte ut ved Salon des Refusés i 1863. Frå 1874 stilte han ut med impresjonistane. I 1886 blei han ven med Vincent van Gogh sin bror Theo, som selde nokre av verka hans. I 1891 kunne han slutta i jobben og konsentrera seg om å måla på heiltid etter å ha vunne 100 000 franc i det statlege lotteriet.

Måleria til Guillaumin er kjende for intense farger, og er representert i store museum over heile verda.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Armand Guillaumin