Armando Peraza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Armando Peraza
Armando Peraza London 001.jpg
Armando Peraza speler bongo i London, 1999
Fødd30. mai 1924(1924-05-30)
FødestadLawton Batista i Havana i Cuba
Død14. april 2014 (89 år)
DødsstadSan Francisco i California
OpphavCuba
SjangerJazz, Latin jazz, rock, pop
InstrumentPerkusjon, conga, bongo
Tilknytte artistarSantana, George Shearing
PlateselskapSkye Records
Verka somMusikar

Armando Peraza (30. mai 192414. april 2014) var ein cubansk Latin jazz-perkusjonist og medlem av rockebandet Santana. Peraza spelte conga, bongo og timbales.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Peraza drog til Mexico i 1948 for å ta seg av den sjuke venen sin, conga-spelaren Mongo Santamaría. Dei drog til New York City i lag i 1949. Etter å ha spelt i storbandet til Machito, vart Peraza invitert av Charlie Parker til ei innspeling i lag med Buddy Rich. Han spelte med Slim Gaillard i New York i november 1949. Han turnerte i USa med bandet til Gaillard fram til dei nådde San Francisco, der Gaillard eigde nattklubben Bop City. Etter ein periode i Mexico, der han spelte med Perez Prado og spelte inn musikk for mexicanske filmar, drog han attende til USA og slo seg ned i San Francisco.[2] Han arbeidde med Dizzy Gillespie, turnerte mykje med Charles Mingus og Dexter Gordon, og spelte i California for mexicanske gardsarbeidarar med den puertoricanske skodespelaren og musikaren Tony Martinez (som spelte «Pepino» i TV-serien The Real McCoys). Armando leia òg ein afrocubansk danserevy på klubben Cable Car Village[3] i San Francisco, der ein ofte såg gjester frå Hollywood som Errol Flynn, Marlon Brando og Rita Hayworth.

I 1954 spelte Peraza inn albumet Ritmo Caliente i lag med Cal Tjader, som var trommeslagaren til pianisten Dave Brubeck på den tida. Albumet kombinerte afrocubanske rytmar med jazz. Dei neste tolv åra spelte Peraza med den britiske pianisten George Shearing. Innspelingane deira skapte ei mambobølgje i USA og resten verda.

I 1960-åra vart Peraza medlem av bandet til Cal Tjader for seks år, og han spelte med Stan Kenton Band i Hollywood Bowl. Sjølv om Peraza føretrekte å vere akkompagnerande artist, spelte han inn eitt soloalbum, Wild Thing (1968), for Skye, som var eigd av Tjader, Gary McFarland og Gábor Szabó. Med seg på albumet hadde han pianisten Chick Corea, saksofonisten Sadao Watanabe og fløytisten Johnny Pacheco. Då rocken vart populært i 1960-åra vart Peraza den første afrocubanske perkusjonisten som la congatrommer til ein rockesong, på Harvey Mandel-albumet Cristo Redentor i 1968.

47 år gammal vart Peraza medlem av rockebandet Santana på ein turné dei hadde i januar 1972[4] og inspirerte bandet til å blande afrocubansk musikk, jazz, rock og blues. Peraza spelte med Carlos Santana i nesten tjue år. Han skreiv eller var medlåtskrivar på seksten songar spelt inn av Santana, som «Gitano» frå albumet Amigos (1976) der Peraza song teksten.

Peraza trekte seg frå Santana i 1990, 66 år gammal. Han spelte ein konsert med Santana i 1992 i Santiago de Chile føre 100 000 menneske. I 2005 spelte han på ei innspeling av John Santos, 20th Anniversary. I 2002 reiste han attende til Cuba for første gongen på over 50 år.

I juli 2006, 82 år gammal. spelte Peraza tre konsertar med Santana på Montreux Jazz Festival i Sveits. Seinare spelte han fleire konsertar med Santana.

I 2007 fekk han æresprisen til Voices of Latin Rock.

Peraza døydde av lungebetennelse den 14. april 2014, 89 år gammal.[5][6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Gato Barbieri

  • Tropico (A&M, 1978)

Med Victor Feldman

Med Mongo Santamaria

  • Mongo (Fantasy, 1959)
  • Afro Roots (Prestige, 1989)[7]

Med Santana

Med Patti Austin

Med George Shearing

  • Shearing in Hi-Fi (MGM, 1955)
  • George Shearing Caravan (MGM, 1955)
  • An Evening with George Shearing (MGM, 1955)
  • The Shearing Spell (Capitol, 1955)
  • Velvet Carpet (Capitol, 1956)
  • Latin Escapade (Capitol, 1956)
  • Black Satin (Capitol, 1957)
  • In the Night, George Shearing and Dakota Staton (Capitol, 1958)
  • Burnished Brass (Capitol, 1958)
  • Blue Chiffon (Capitol, 1958)
  • Latin Lace (Capitol, 1958)
  • George Shearing On Stage (Capitol, 1959)
  • Latin Affair (Capitol, 1959)
  • Beauty and the Beat! George Shearing and Peggy Lee (Capitol, 1959)
  • On the Sunny Side of the Strip (Capitol, 1959)
  • Satin Affair (Capitol, 1959)
  • White Satin (Capitol, 1960)
  • The Swingin's Mutual! George Shearing og Nancy Wilson (Capitol, 1961)
  • Mood Latino (Capitol, 1962)
  • San Francisco Scene (Capitol, 1962)
  • Love Walked In George Shearing and The Montgomery Brothers (Jazzland, 1962)
  • Rare Form! (Capitol, 1965)
  • Latin Rendezvous (Capitol, 1965)

Med Linda Ronstadt

Med Cal Tjader

  • Ritmo Caliente! (Fantasy, 1955)
  • Mas Ritmo Caliente (Fantasy, 1957)
  • In a Latin Bag (Verve, 1961)
  • Soul Sauce (Verve, 1965)
  • Soul Bird: Whiffenpoof (Verve, 1965)
  • Along Comes Cal (Verve, 1967)
  • Latin + Jazz = Cal Tjader (DCC Jazz, 1990 - Recorded 1968)
  • Cal Tjader Plugs In (Skye, 1969)

Med Randy Weston

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prato, Greg. «Armando Peraza». AllMusic. Henta 18. oktober 2020. 
  2. «Armando Peraza, Afro-Cuban perkusjon pioneer, dies at 89». 17. april 2014. 
  3. Agee, Christopher (24. september 2018). «Gayola: Police Professionalization and the Politics of San Francisco's Gay Bars, 1950-1968». Journal of the History of Sexuality 15 (3): 462–489. doi:10.1353/sex.2007.0024 – via Project MUSE. 
  4. «Santanamigos. The Band». santanamigos.pagesperso-orange.fr. 
  5. «Legendary Percussionist Armando Peraza Passes Away at 89». Lpmusic.com. 30. mai 1924. Arkivert frå originalen 18. oktober 2020. Henta 18. oktober 2020. 
  6. Colker, David. «Armando Peraza obituary: Flamboyant bongo trommeslagaren dies at 89». latimes.com. Henta 18. oktober 2020. 
  7. 7,0 7,1 «Armando Peraza | Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 30. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Armando Peraza

Mal:Santana