Den armenske kalenderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Armensk kalender)
Gå til: navigering, søk

Den armenske kalenderen er danna av år delt inn i 12 månader med fem tilleggsdagar. Dagane i månaden har namn i staden for nummer, noko som er vanleg i avestiske kalendrar.

Byrjingsåret tilsvarer år 552 i den julianske og gregorianske kalenderen. Dette var ei tid då Den armenske apostoliske kyrkja fjerna seg frå den katolske.

Kalenderen bruker armenske tal og bokstavar. Datoer er markert med teikna ԹՎ eller liknande, gjerne med ein strek over for å indikera «t'vin» («i året»), etterfølgd av eitt til fire teikn frå det armenske alfabetet, der kvart teikn står for eit tal. For å omsetja dette til eit standardår, kan ein leggja 551 til det armenske årstalet.

Månader[endre | endre wikiteksten]

Armenske månadnamn viser påverknad frå den parsiske kalenderen.[1]

Månader
# Armensk Romanisering etter Hübschmann-Meillet (1913) Tyding Ordsoge/merknadar
1 նաւասարդ nawasard nyttår Avestisk*nava sarəδa
2 հոռի hoṙi to
3 սահմի sahmi tre
4 տրէ trē Parsisk tïr
5 քաղոց kʿałocʿ avlingsmånaden Parsisk Ameretat (guden Ameretat var rekna som vernar av plantar)
6 արաց aracʿ
7 մեհեկան mehekan Mithra-høgtida Iransk *mihrakān- ; parsisk mitrō
8 արեգ areg solmånaden Parsisk Āvān
9 ահեկան ahekan fire festival Iranisk *āhrakān- ; parsisk Ātarō
10 մարերի mareri mid-year Avestisk maiδyaīrya ; parsisk dīn
11 մարգաց margacʿ Parsisk vohūman
12 հրոտից hroticʿ Pahlavi *fravartakān ; parsisk spendarmat̰
13 Ավելյաց[2] epagomenê Innsette dagar (fravasjidagar, fravardigan)

Dagar[endre | endre wikiteksten]

Den armenske kalenderen gjev namn til dagane i månaden i staden for nummer, noko ein også finn i andre avestiske kalendrar. Einn finn parsisk påverknad i minst fem namn.

Dagane i månadane
# Namn Tyding/avleiing
1 Areg sol
2 Hrand
3 Aram
4 Margar profet
5 Ahrank’ halvbrent
6 Mazdeł
7 Astłik Venus
8 Mihr Mithra
9 Jopaber
10 Murç triumf
11 Erezhan einebuar
12 Ani
13 Parkhar
14 Vanat
15 Aramazd Ahura Mazda
16 Mani byrjing
17 Asak utan byrjing
18 Masis Araratfjellet
19 Anahit Anahita
20 Aragats Aragatsfjellet
21 Gorgor
22 Kordvik Ein provins i Stor-Armenia
23 Tsmak austavinden
24 Lusnak halvmåne
25 Tsrōn spreiing
26 Npat Apam Napat
27 Vahagn Parsisk vahrām ; avestisk verethragna, namnet på den 20. dagen
28 Sim fjell
29 Varag
30 Gišeravar aftanstjerna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L. H. Gray, «On Certain Persian and Armenian Month- Names as Influenced by the Avesta Calendar», JAOS 28 (1907), 339.
  2. Հին հայկական տոմար