Armierbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Armierbukta

Armierbukta (maltesisk Bajjet l-Armier) er ei bukt ved MellieħaMalta. Armierbukta består av to strender, den største heiter Armier og den andre Litlearmier. Vatnet i bukta er krystallklårt. Bukta ligg rett ovanfor Comino.

Ved Armierbukta ligg det fleire naust som maltesarane nyttar som sommarbustader. Det er òg nokre kioskar rundt bukta, men utan trafikk er det generelt rolege omgjevnader ved bukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]