Armin Hary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Armin Hary
Armin Hary 1960c.jpg
Fødd 22. mars 1937
Quierschied
Armin Hary på Commons

Armin Hary (fødd 22. mars 1937) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Quierschied i Saarland. Under sommar-OL 1960 i Roma vart han olympisk meister på 100 meter, to år etter han vart europameister på same distansen. Både i EM 1958 og OL 1960 vann han gull for Tyskland på 4x100 m stafett. Han vart elles fyrstemann som fekk notert 10,0 sekundar på 100 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hary vann 100 meter under EM 1958 i Stockholm, der han sprang andreetappen på Tyskland sitt vinnarlag på 4x100 m stafett. Same sesongen fekk Hary notert verdsrekordtida 10,0, men kontrollmålingar viste at bana halla med 11 cm, éin centimeter meir enn maksimumsgrensa på 10 cm.

Den 21. juni 1960 sprang Hary i mål på 10,0 under eit stemne i Zürich, ny verdsrekord. Under OL 1960 i Roma opplevde Hary sitt store høgdepunkt då han sprinta inn til gull på tida 10,2. Det var fyrste gang på 32 år at gullet på sprintdistansen gjekk til eit anna land enn USA. I finalen på 4x100 m stafett kom Tyskland i mål bak laget frå USA, men eit kvarter etter finalen vart det klart at USA var diskvalifisert grunna ei feil veksling. Tysklands tid på 39,5 var tangering av lagets eigen verdsrekord.

Etter dei olympiske leikane vart Armin Hary suspendert av det tyske friidrettsforbundet på grunn av strid rundt ei reiserekning, og han la opp som aktiv utøvar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott 61. Hälsingborg 1961