Hopp til innhald

Arminius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arminius

Føddca. 17 f.Kr.
FødestadWeser
Dødca. 21
DødsstadGermania
Gift medThusnelda
FarSegimerus
BornThumelicus

Arminius, også kjend som Armin eller (uhistorisk) som Hermann, (fødd 18/17 f.Kr., død 21 e.Kr.), var ein germansk høvding for cheruskarane som overvann ein romersk hær i slaget ved Teutoburgerskogen. Stammeforbundet hans mot Romarriket stansa forsøka til Germanicus, ein nevø av keisar Tiberius, på å erobra dei germanske områda aust for elva Rhinen, skjønt det er diskusjon blant historikarar om utgangen av fleire ikkje avgjerande slag.[1][2] Sjølv om Arminius ikkje klarte å sameina dei germanske stammane i enden, stansa sigeren hans i Teutoburgerskogen ekspansjonen til romarane aust for Rhinen, og hadde vidtrekkjande effekt både for dei germanske stammane, Romarriket og utviklinga av Europa.

Roma og germanarar før Arminius

[endre | endre wikiteksten]

Julius Cæsar hadde den fyrste romerske kontakten med germanarane i åra 55 og 53 f.Kr. under gallarkrigane. Dei germanske stammane usipetarar, tenktarar og chattarar[3] hadde byrja ein invasjon i den galliske provinsen Belgia. Cæsar førte styrken sin over Rhinen i ei straffeforfølging av germanarane. Felttoget hans i Gallia fastsette den romerske yttergrensa til Rhinen.[4]

Etter ein periode med internt opprør vest for Rhinen og enkelte trefningar over grensa, byrja ein ny fase i år 16 f.Kr., då germanarar aust for Rhinen kryssa over til vestsida. Dei overvann den romerske 5. legionen under kommando av Marcus Lollius og erobra ørna til legionen, symbolet deira. Keisar Augustus oppheldt seg i Gallia, Rhinland og Spania i år 16 f.Kr.–13 f.Kr., der han omorganiserte territoria og førebudde felttog.

I år 12 f.Kr. slo Augustus sin steson Drusus tilbake streiftog med sugambrarar og usipetarar vest for Rhinen, og kryssa deretter over Rhinen. Dette felttoget markerte starten på 28 år med felttog aust for den nedre delen av Rhinen. I år 11 f.Kr. leidde Drusus eit felttog aust for elva Weser, som den fyrste romerske hærføraren så langt aust i nordlege Europa. Dette stålsette germanarane til å organisera forsvarsstrategiar mot dei romerske angrepa. Den romerske historikaren Cassius Dio skreiv at dei romerske styrkane var offer for mange plagsame angrep på vegen tilbake, og var nær ved å bli utsletta.[5] I år 9 f.Kr. kryssa Drusus Weser og marsjerte fram mot elva Elben. Han døydde i dette felttoget i ei rideulukke.

Tiberius, som seinare blei romersk keisar etter Augustus, tok over kommandoen over styrkane ved Rhinen etter bror sin Drusus. Den romerske historikaren Velleius Paterculus, som var ein stor beundrar av Tiberius, beskreiv Germania frå Rhinen til Elben som ein romersk provins.[6] Midt i dette området heldt cheruskarane til, ved elva Weser i det noverande Niedersachsen og Harz.

Arminius i romersk teneste

[endre | endre wikiteksten]
Imperium Romanum, Romarriket og Magna Germania, germanske stammar, rundt år 9 e.Kr.

Arminius var truleg fødd i år 18 eller 17 f.Kr. som son av ein cheruskisk krigshøvding som ein kjenner under det romerske namnet hans, Segimerus. Ein periode med fred følgde, og germanske leiarar gav barna sine til romarane som gislar for å sikra freden. Også Arminius og broren hans Flavus (latinsk for «den blonde») blei send til Italia for å få militær utdanning. Arminius blei trena som ein romersk militær kommandant og fekk romersk statsborgarskap og status som equites, noko som blir omsett til riddar, men hadde noko å seia lågadeleg – namnet equites viste til dei var rike nok til å stilla med hest i hæren. Deretter drog Arminius tilbake til Germania og dreiv romarane ut.

«Arminius» er truleg ein latinisert variant av det germanske namnet Irmin, som tydde «stor» (jf. stammen herminonarar). Eit anteke meir rett forslag er Erminameraz eller berre Erminaz. I løpet av den tyske reformasjonen, og særleg seinare under den tyske nasjonalismen1800-talet, blei Arminius brukt som symbol for det tyske folket og kampen deira mot Roma.[7] Det er i løpet av denne tida at namnet «Hermann» kom i bruk som eit tysk likeverdig namn til Arminius. Det er grunn til å tru at Martin Luther var den fyrste som likestilte desse to namna.[8]

Slaget ved Teutoburgerskogen

[endre | endre wikiteksten]

Ein gong rundt år 4 e.Kr. fekk Arminius kommandoen over ei lausriven avdeling av romerske leigesoldatar beståande av germanarar, hovudsakleg cheruskarar, som truleg hadde kjempa i krigane i PannoniaBalkan. Han kom tilbake til nordlege Germania i år 7 eller 8. Då hadde romarane etablert sikker kontroll over områda rett aust for Rhinen langs elvane Lippe og Main, og søkte no å utvida herredømmet austover mot elvane Weser og Elben. Den romerske leiaren var senatoren og generalen Publius Quinctilius Varus, peika ut av Augustus som guvernør og stattholder. Arminius byrja snart å kalla saman ulike germanske stammar for å sameina dei i ein felles innsats mot at dei kom inn under Romarriket.

Våren år 9 la Arminius, som då var rundt 25 år gammal, seg saman med dei allierte germanske stammane sine (cheruskarar, marsarar, chattarar, bruktarar, chaukarar og sugambrarar) i bakhald og overfall ein romersk hær beståande av 17., 18 og 19 legion i tillegg til tre kavaleriavdelingar og seks kohortar av støttetroppar, totalt rundt 30 000 mann, 18 000 av dei romerske borgarar. Slaget har gått inn i historia som Slaget ved Teutoburgerskogen. Nyare arkeologiske funn har fastslått ein langvarig debatt om den nøyaktige staden for slaget som no med rimeleg tryggleik er fastslått å ha funne stad i nærleiken av Kalkriese, ei høgd i Niedersachsen, omtrent 20 km nord for Osnabrück.

I tre dagar bølgja slaget fram og tilbake. Heile den 30 000 mann store romerske hæren blei utsletta, og då nederlaget var sikkert, utførte Varus sjølvmord ved å kasta seg på sverdet sitt.

Den romerske historikaren Suetonius, eller Sveton, fortel at då keisar Augustus fekk meldinga om nederlaget, dunka han hovudet fortvila mot veggen og ropte: «Varus, gi meg legionane mine tilbake.» Tapet var uoppretteleg og dei tre legionane vart aldri retta opp igjen. Legionnummera 17, 18 og 19 kom aldri sidan i bruk igjen.[9]

Forsøk på romersk gjenerobring

[endre | endre wikiteksten]
Thusnelda som gissel i Roma, utsnitt av romersk statue.

Etter den store sigeren sin prøvde Arminius i fleire år få til ei meir endeleg form for union av dei nordgermanske stammane for å stå imot den uunngåelege romerske motoffensiven. Etter katastrofen i Teutoburgerskogen blei andre germanske stammar meir ope fiendtlege mot Roma, sjølv om den mektigaste germanske herskaren, kong Marbod av markomannarane i Böhmen, heldt fram med å vere nøytral, sjølv etter at Arminius sende han hovudet til Varus.[10] Marbod avslo gåva og sende hovudet vidare til Roma for gravferd. I tillegg var dei fleste stammane mot kysten så pasifiserte av romarane at dei ikkje slutta seg til opprørarane. Likevel makta Arminius å danna ei solid blokk av antiromerske stammar i det som i dag er vestlege og sentrale Tyskland og austlege Nederland.

Mellom år 11 og 13 gjorde romarane under Tiberius innleiande angreip langs elvane Ruhr, Lahn og Ems, og etablerte støttepunkt på nytt. I september år 14 hadde Tiberius blitt keisar, og nevøen hans Germanicus tok over den store hæren ved Rhinen. Han gjekk straks til angrep med heldig resultat. Neste vår førte han to angrep opp langs Ruhr og Lahn. Det største resultatet var at han greidde å ta kona til Arminius, Thusnelda, til fange. Ho blei ført til Roma og synt fram i Germanicus sin sigersparade den 17 mai. Ho såg aldri heimlandet sitt igjen og blei ikkje nemnd på nytt av Tacitus, som beskreiv desse hendingane. Sonen ho fødde i fangenskap, Thumelicus, blei teken vare på av romarane og trena av romarane som ein gladiator i Ravenna, og han døydde truleg i arenaen.

Dette blei følgt av eit nytt togreina angrep med ein hær beståande av så mange som 100 000 troppar som skar styrken til Arminius i to langs Ems, og deretter pressa seg austover. No hadde Arminius retta ein kjenslemessig appell til dei germanske stammane om å slå tilbake invasjonen. Den einaste suksessen deira, hevda han, var å føra krig mot kvinner (det vil seia kona hans). Han skaffa seg ein såpass stor hær at han var i stand til å påføra romarane store nederlag.

Heroiserande marmorstatue av Germanicus.

Etter å ha sikra det omliggjande området besøkte Germanicus slagmarka i Teutoburgerskogen og gravla restane av døde soldatar, og bygde ein stor gravhaug som indikerte at han planla å behalda dette området. Tacitus seier at denne seinare blei øydelagd av germanarar og at Germanicus oppgav å reisa han på nytt, og truleg var han heller ikkje i stand til det. Han prøvde deretter å utføra eit raskt angrep mot Arminius som førte romarane inn i ei felle og drap heile kavaleriet og støttetroppane. Germanicus gjorde ei hastig tilbaketrekking nordover og sende halve hæren sin sørover for å retta opp igjen ei viktig bru – ein annan indikasjon på at romarane planla å ta tilbake området, og at han hadde til hensikt å retta opp igjen infrastrukturen. Arminius omringa denne styrken, leidd av Caecina, øydela den oppbygde brua og dreiv romarane til ei hektisk tilbaketrekking gjennom eit myrlendt område. I eit møte om natta kravde Inguiomer, onkelen til Arminius, at dei skulle angripa den romerske leiren støtta av krigarane, men Arminius argumenterte imot og ønskte å angripa dei igjen berre når dei prøvde å flykta. Angrepet på romarleiren feila. Germanarane tapte mange menn, og dei overlevande romarane kom seg tilbake over Rhinen.

Ein moderne rekonstruksjon av ei romersk ørn, aquila, på ei fane.

I år 16 invaderte Germanicus Germania på nytt, denne gongen frå nord. Tre store kampar er rapporterte i Tacitus si forklaring, det fyrste var slaga ved elva Weser der Arminius såg igjen bror sin Flavus, her kjempande for romarane. Ved å ropa over elva, kanskje ved staden for dagens moderne by Minden, kravde Arminius at bror hans kom tilbake til heimlandet sitt. Flavus ropte om det motsette, bad Arminius inngå fred med eit fast og bestemt, men også tilgivande Romarrike som hadde, påstod han, behandla hustrua hans og den nyfødde sonen hans godt. Ingen av dei overtydde den andre, og den romerske hæren klarte å kryssa elva, men med store tap.

Det neste slaget skjedde ved «Idistaviso», lengre opp elva Weser, truleg rundt Rinteln. Begge sider leid store tap og Arminius sjølv blei såra, men romarane var ikkje i stand til å sikra ein strategisk fordel og måtte oppgi planen om å pressa seg inn i hovudområdet til cheruskarane rundt Detmold. Det blei rapportert at Arminius slapp unna ved å smørja ansiktet inn i blod slik at han ikkje blei attkjend.

Thusnelda i triumftoget til Germanicus, oljemåleri av Carl Theodor von Piloty, 1873

Det siste slaget stod lengre ned elva Weser, nord for den angrivarianske murem, ein jordvoll med palisade og påleverk som i følgje Tacitus[11] danna ei grense mellom landområda til angrivariarane og cheruskarane, omtrent ved innsjøen Steinhuder. Her fekk begge sider igjen store tap, men Germanicus klarte framleis ikkje å utsletta dei germanske styrkane.

Hans eigne tap må ha vore svært store denne gongen, for sjølv om det var midt på sommaren gjorde han ei hastig tilbaketrekking og oppgav heilt alle erobra område. Som i det førre året førte tilbaketrekkinga hans langs Ems til ein katastrofe då ein frykteleg storm spreidde flåten. Sjølv om han avslutta året med å senda nokre straffeekspedisjonar og greidde å ta tilbake 2 av dei 3 ørnene til legionane som hadde gått tapt i Teutoburgerskogen, avslo keisar Tiberius førespurnaden hans om å føra ein ny krig det neste året. Keisaren innsåg at det berre ville føra til ytterlegare ulykker. I staden tildelte han Germanicus æra med romersk triumf, ein sigersmarsj med fangar, som omfatta Thusnelda, og annan hærfangst gjennom gatene i Roma. Germanicus blei deretter send til Syria.

Tacitus gav ein beisk merknad om at germanske stammar vart oftare «triumferte» i Roma enn overvunne i Germania. Ei tredje ørn blei seinare funnen igjen under keisar Claudius.[12]

Etter at romarane hadde trekt seg ut, braut det ut krig mellom Arminius og Marbod, kongen av markomannarane. Denne krigen enda med at Marbod trekte seg tilbake, men Arminius klarte heller ikkje å bryta inn i den naturlege forskansinga som Böhmen var. Som følgje enda krigen utan avgjerd. Arminius møtte også store vanskar heime med ætta til kona si og hjå andre leiarar som var positivt innstilte til romarane.

I år 19 døde den store motstandaren hans Germanicus brått i Antiokia ved Orontes, under omstende som har fått mange til å gå ut frå at han blei drepen av motstandarane sine. Arminius møtte sin eigen lagnad to år seinare i hendene til motstandarane sine innanfor hans eigen stamme, som følte at han var blitt for mektig. Keisar Tiberius skal etter det som blir sagt, ha avslått eit tidlegare tilbod frå ein adelsmann av stammen chattarar om å forgifta Arminius. Keisaren skal ha erklært at Roma ikkje nytta den slags ærelause metodar.

Ettermæle

[endre | endre wikiteksten]

I romersk omtale blir Arminius høgt respektert for den militære leiarskapen sin og som forsvarer av fridommen til folket sitt. Basert på desse nedteikningane blei historia om Arminius gjenoppdaga på 1500-talet, då skriftene til Tacitus blei restaurerte av tyske historikarar. Tacitus skreiv i sine Annaler II, 88:

«Arminius, utan tvil befriaren av Germania, som utfordra det romerske folket, ikkje i byrjinga som andre kongar og leiarar, men på høgda av keisardømet, i slag med vekslande suksess, utan tap i krig.»

Arminius var ikkje den einaste grunnen til at Roma endra politikk mot Germania. Augustus søkte ei trygg grense for å sikra Gallia, og fann denne langs elva Rhinen heller enn elva Elben.[13] Ressursane for å erobra Germania kan ha vore mangelfulle etter den store romerske borgarkrigen i siste fase av Den romerske republikken, og tapet av tre legionar i Teutoburgerskogen. Det var derimot ikkje mangel på ressursar seinare.[14] Dette indikerer, og arkeologiske funn støttar det, at prestasjonane til Arminius, saman med innverknad frå Roma, som heldt fram fredeleg i dei kommande hundreåra, også fremja ei utvikling innanfor dei germanske stammane som gjorde det mogleg for dei å motstå vidare romersk aggresjon.

Politikk spelte også ei rolle. Keisarane kunne sjeldan fortru ein stor hær til ein mogleg rival, sjølv om Augustus hadde nok familiemedlemmer til å føra krigane sine: Drusus, stesonen til Augustus som sjølv førte krig med hell mot germanske stammar, er eit godt døme.[15] Ei tid etter Marius sine militærreformer (profesjonaliseringa av legionane) blei germanarar overvunne av legionane med bortimot einsformig regelmessigheit: Gaius Marius sin siger ved Aquæ Sextiæ, Cæsar sin siger over Ariovistus, og Tiberius og Drusus sine hærtokt.[16] Arminius sine sigrar endra alt dette. Frå no av prøvde Roma å kontrollera Germania ved hjelp av utpeika underkongar som var billigare i drift enn store militærkampanjar.

Det endeleg nederlaget og døden til Arminius (kanskje ved snikmord av ein romersk klientkonge) blei kostbart for Roma, som ikkje lenger hadde til hensikt å herska over Germania aust for Rhinen og nord for Donau. Roma føretrekte å utøva indirekte innverknad gjennom underkongar. Italicus, nevø av Arminius, blei utpeika som konge av cheruskarane, Vangio og Sido blei vasallar av dei mektige svebarane, og så vidare[17][18]

Germanske forteljingar

[endre | endre wikiteksten]
Det var den religiøse reformatoren Martin Luther som fremja «Hermann» som eit symbol for kampen mot Roma (= katolisisme)

Tidleg på 1800-talet blei det gjort forsøk på å visa at forteljinga om Arminius og sigeren hans kunne ha levd vidare i den tyske munnlege tradisjonen[19] i form av dragedreperen Siegfried i Nibelungenlied (kalla for Sigurd Fåvnesbane i den norrøne tradisjonen). Ei islandsk forteljing hevdar at Sigurd «drap draken» i Gnitterheide, i dag ein forstad til byen Bad Salzuflen, som ligg på ein strategisk stad ved elva som kan ha vore staden der legionane til Varus drog på veg til undergangen sin i Teutoburgerskogen. Det finst derimot ingen handfaste bevis som støttar dette synet.[20]

Martin Luther

[endre | endre wikiteksten]

Arminius blei døypt om til «Hermann» av Martin Luther, og blei såleis symbolet på ein ny tysk nasjonalisme som blei driven fram av Napoleonskrigane frå 1800 til 1815.

Ein annan teori om det latinske namnet til Arminius er at det er basert på det latinske ordet armenium, som karakteriserte ein kraftig blå farge, ultramarinblått pigment som blei fabrikkert frå ein steintype. Såleis kunne det vera at Arminius blei kalla «blå auge», slik bror hans Flavus vart kalla den «blonde» som referansar til stereotype fysiske trekk som romarane gav dei germanske naboane sine.[21] I dette tilfellet hevdar denne teorien at «Arminius» ikkje nødvendigvis har noko med ordet og gudenamnet «irmin» å gjera, og at det germanske namnet hans såleis kan ha vore kva som helst, til dømes Siegfried. Dei som hevdar dette, har også argumentert for at faren hans, Segimerus, med den moderne forma «Siegmar», også bar eit namn med stammen «sieg», det vil seia ‘siger’.

Tysk nasjonalisme

[endre | endre wikiteksten]
Statuen Hermann Heights Monument i New Ulm i Minnesota.

I 1808 gav dramatikaren Heinrich von Kleist ut eit ikkje framført stykke, Die Hermannsschlacht, som fremja hat mot Napoleon og protyske stemningar. Stykket er blitt teke fram fleire gonger for det rå uttrykket sitt av tysk romantikk, og var særleg populært under Det tredje riket.[22]

I 1839 byrja reisinga av ein stor statue av Arminius, kjend som «Hermannsdenkmal», på ei høgd i nærleiken av Detmold i Teutoburgerskogen. Han blei fullført og innvigd i dei fyrste åra av det andre tyske riket i kjølvatnet av den tyske sigeren over Frankrike i Den fransk-prøyssiske krigen i 1870–1871. Monumentet har blitt ein stor turistattraksjon sidan, nett som «Hermann Heights Monument», ein tilsvarande statue reist i USA. Den tyske fotballklubben i tyske Bundesliga, Arminia Bielefeld, har namn etter Arminius.

Ordenen «Hermanns søner» hadde opphavet sitt som ei gjensidig verneforeining for tyske innvandrarar i New York på 1840-talet. Foreininga fremja kjærleik til det tyske språket og til bevaring av tyske tradisjonar og skikkar. Ho skaffa også medlemmene billig forsikring. Foreininga bløma i mange amerikanske samfunn der tyske immigrantar busette seg, men gjekk tilbake i slutten av 1900-talet, sannsynlegvis fordi tyske etterkommarane tilpassa seg det amerikanske samfunnet og i mindre grad ønskte å stå fram som tyskarar. Ein amerikansk by ved elva Missouri, Hermann, som blei grunnlagd på 1830-talet og oppteken i 1845, var namngitt etter Arminius.

I moderne kultur

[endre | endre wikiteksten]

Robert Graves sin roman I, Claudius hadde ei skildring av Arminius-krigane. Her blei han kalla «Hermann».

I Die Geschwister Oppermann, ein roman frå 1933 av Lion Feuchtwanger, krinsa handlinga om nasjonalsosialistane sin veg til makta og om kampen mellom ein liberal, halvt jødisk elev og den nasjonalsosialistiske læraren hans over eit studentsvar om Arminius som læraren vurderte som «upatriotisk» og «som ei fornærming mot den tyske nasjonalismen».

Ferdinando Baldi skreiv og regisserte ein tysk film, Hermann der Cherusker – Die Schlacht im Teutoburger Wald (1967), med Hans von Borsody som Arminius og Antonella Lualdi som Tusnelda.

Romanen 1945 frå 1995 av Newt Gingrich og William R. Forstchen skildrar ei alternativ historisk verd der Tyskland ikkje erklærte krig mot USA i desember 1941. Her var «Operation Arminius» kodenamnet på den tyske planen om å invadera USA.

  1. Tacitus: Annals 2.22
  2. Sveton: Caligula 1.4
  3. Cæsar: de bello Gallico IV, 1-19
  4. Cæsar: de bello Gallico VI, 11-28
  5. Cassius Dio: 54.33
  6. Velleius Paterculus 2,108,1.
  7. W. Bradford Smith (2004): «German Pagan Antiquity in Lutheran Historical Thought»[daud lenkje]. The Journal of the Historical Society 4 (3): 351–74.
  8. Herbert W. Benario (April 2004): «Arminius into Hermann: History into Legend». Greece and Rome 51 (1): 83–94.
  9. Hedeager, Lotte og Tvarnø, Henrik: Tusen års Europahistorie. Romere, germanere og nordboere. Oslo 2001. Side 11
  10. Marcus Velleius Paterculus: II 119,5
  11. Tacitus: Annals, 2.19
  12. Dio Cassius: Romersk Historie 60.8
  13. Cornell & Matthews: Atlas of the Roman World, 1982. Side 80
  14. Goldsworthy, Adrian & Keegan, John: Roman Warfare, 2000. Side 122
  15. Dio Cassius: Romersk historie 54.32
  16. Tacitus: Germania, 37
  17. Tacitus: Bok 12 (vers 27 til 31)
  18. Germania Inferior – Germania Superior
  19. A. Giesebrecht (1837): «Ueber den Ursprung der Siegfriedsage». Germania (2).
  20. F.G. Gentry, W. McConnell, W. Wunderlich (red.): The Nibelungen Tradition. An Encyclopedia, New York-London 2002, se artikkel «Sigurd».
  21. «Arminius: The Original Siegfried», lest 8. april 2009.
  22. Reeve, William C (2004): «Die Hermannsschlacht». The Literary Encyclopedia. The Literary Dictionary Company.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Arminius