Armjansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Armjansk
Армянськ, Армянск, Ermeni Bazar
by
Land  Ukraina
Region Krimhalvøya
Høgd moh.
Koordinatar 46°6′26″N 33°41′36″E
Areal 16,2 km²
Folketal 21 987 (2014)
Folketettleik 1 357 / km²
Grunnlagd 1736
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 96012—96016
Retningsnummer +380-6567
Kart
Armjansk
46°6′26″ N 33°41′36″ E
Wikimedia Commons: Armyansk

Armjansk (ukrainsk Армянськ, russisk Армянск, armensk Արմիանսկ, krimtatarisk Ermeni Bazar) er ein by i nord på Krimhalvøya i Ukraina. Han ligg på Perekopeidet. Ved folketeljinga i 2014 hadde han 21 987 innbyggjarar.

Armjansk vart grunnlagd på byrjinga av 1700-talet av armenarar og grekarar, som hadde kome hit frå den nærliggande byen Or Qapı (i dag Perekop). Det første namnet på byen var Ermeni Bazar (krimtatarisk for «den armenske marknaden»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]