Arna Busser
Utsjånad

Foto: Halvard Hatlen
Arna Busser AS var ein norsk produsent av busskarosseri. Fabrikken låg på Arnatveit i Indre Arna i Bergen. Arna Bruk eigde karosserifabrikken, som produserte busskarosseri frå 1947 til fabrikken gjekk konkurs i 1997. På den tida rakk dei å produsera 4450 busskarosseri. På slutten av 60-talet var nokre av dei bygde på lisens frå VBK. Arna bygde mellom anna mange bussar til bytrafikken i Oslo (Oslo Sporveier), og Bergen (Bergen Sporvei/Gaia Trafikk).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rutebilhistorisk Forening: Arna Busser AS Arkivert 2002-10-12 ved Wayback Machine.
- Norsk Designråd: Merket for god design 1996, Arna Comet 330/350 - tur-/langrutebuss Arkivert 2014-07-29 ved Wayback Machine.