Arna stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er om nye Arna stasjon som opna i 1964, for stasjonen med same namn som opna i 1883, sjå Arna gamle stasjon.

Arna stasjon
Arna stasjon.JPG
Arna stasjon i 2007.
Foto: Svein Harkestad
Stasjonsområde
Stad Arna
Koordinatar 60°25′12″N 5°27′58″EKoordinatar: 60°25′12″N 5°27′58″E
Distanse 461,93 km. frå Oslo
Høgd 8 moh.
Opna 1964
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Overgang
Plassering
Arna stasjon is located in Hordaland

Arna stasjon ligg i Indre Arna i Bergen kommune og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1964 då den nye og kortare trasèen med Ulrikstunnelen og Arnanipatunnelen stod klar.

Attåt fjerntoga og persontoga på strekninga Bergen-Voss-Myrdal som alle stoppar i Arna, er det hyppige lokaltogavgangar mellom Arna stasjon og Bergen stasjon. Reisetida på åtte minutt mellom stasjonane gjer tog svært konkuransedyktig målt mot buss og annan biltrafikk som må køyre rundt Ulriken.

Arna ligg mellom Bergen stasjon og Takvam haldeplass, 461,93 km frå Oslo.

Stasjonsbygningen er teikna av Julia Kristensen,[1] og verna etter Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen[2] som eit døme på den norsk jernbanearkitekturen på 1960-talet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie. Oslo: Gyldendal. s. 143. ISBN 8205252947. 
  2. ««Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen – Liste over vernede og verneverdige objekter og miljøer pr. 1. jan. 2006 – 4. utgave - ajourført pr 1. mars 2009»» (PDF).  Vitja 4. desember 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]