Arnanipatunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnanipatunnelen
Lengd2 133 meter
Opna28. november 1980
Kart
Arnanipatunnelen
60°25′15″N 5°29′21″E / 60.420833°N 5.489167°E / 60.420833; 5.489167

Arnanipa tunnel eller Arnanipatunnelen eller to tunnelar gjennom fjellet Arnanipa, som eigenleg har namnet Ådnanipa, i Arna i Bergen kommune. Den eine er ein 2190 meter lang tunnel for Bergensbanen (Vossabanen), gjerne kalla Arnanipa tunnel, og opna i 1964. Den andre er ein 2133 meter lang tunnel for Europaveg 16, gjerne kalla Arnanipatunnelen, opna i 1980.

Jarnbanetunnelen stod ferdig i 1964, og inngjekk i den omlegginga av Bergensbanen til ein stuttare trasé som bygginga av Ulrikstunnelen var ein del av. Før desse to tunnelane var bygde, gjekk toget om Garnes og Nesttun på den siste strekninga inn til Bergen stasjon. På delar av denne strekninga, som no er lagd ned, er det no museumsjarnbane, Museet Gamle Vossebanen, med køyring av veterantog i sommarsesongen.