Arne-Ivar Kjerland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne-Ivar Kjerland
Fødd 1952 (70 år)

Arne-Ivar Kjerland (fødd 16. oktober 1952 i Granvin i Hardanger) er ein norsk antikvarbokhandlar i Nynorsk Antikvariat i Tvedestrand. Kjerland var leiar i Granvin Mållag 1974–1977 og redaktør av Granvinsmaole 1975–1977. Mest kjend er han nok som mangeårig disponent i nynorskavisa Dag og Tid (1981–2004). I perioden som Dag og Tid-disponent var han samstundes sekretær for Riksfondet for nynorsk presse. Kjerland er kjend som formidlar av nynorsk litteratur, mest Olav H. Hauge og dei nynorske salmediktarane. Som sambygding har Kjerland arbeidd mykje med forfattarskapen til Thrond Sj. Haukenæs, og skrive ei rekkje artiklar om denne særmerkte folkeminnesamlaren frå Hardanger.[1][2]



Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Helleve, Aslak T. (29. september 2014). «Thrond S Haukenæs». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. «Haukanæs og heimbygda - Bibliografi - Bibliografi / bokkjøp - Hardanger Historielag», www.hardanger-historielag.com, henta 13. februar 2020