Arne Åhman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Åhman

Statsborgarskap Sverige
Fødd 4. februar 1925
Nordingrå
Død

5. juli 2022 (97 år)
Umeå

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 176 centimeter

Arne Per Åhman (4. februar 19255. juli 2022) var ein svensk friidrettsutøvar frå Nordingrå. Han er mest kjend som tresteghoppar, men tevla også i høgdehopp og lengdehopp. Åhman vart olympisk meister i tresteghopp i 1948. Han vann elles EM-bronse i same øvinga i 1946, og EM-sølv i høgdehopp i 1950.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Åhman vart svensk meister i tresteghopp i 1946 med eit hopp på 15,10 meter. Same sesongen deltok han i europameisterskapen i friidrett i Oslo og tok bronsemedaljen med resultatet 14,96 m. Også i 1947 vart han svensk meister i tresteghopp med sterke 15, 26 m.

Under OL 1948 i London vart han olympisk meister i tresteghopp. Rekkefylgja for deltakarane vart ordna etter alfabetet, Åhman vart til Aahman på engelsk og han fekk såleis hoppe fyrst. Han sette ny svensk rekord i fyrstehoppet med 15,40 m. Etter kvart vart tilløpsbana i stendig dårlegare stand, og ingen av dei andre hopparane klarde å slå Åhmans lengde, så gullmedaljen vart hans.

I 1950 vart Åhman svensk meister i høgdehopp med 1,93 m. Same høgda klarde han også under friidretts-EM i Brussel, noko som gav han sølvmedaljen. I same europameisterskapen kom han elles på femteplass i tresteg-tevlinga.

Arne Åhman under Sommar-OL 1948

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]