Arne Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Aas
Brand og Agnes (1968) (14667810415).jpg
Fødd 7. juli 1931
Oslo
Død

3. april 2000

Yrke skodespelar, filmregissør, manusforfattar
Arne Aas på Commons

Arne Martin Aas (7. juli 19313. april 2000)) var ein norsk skodespelar og regissør som var kjent både frå teater, film og TV. Han var født i Oslo.

Teater[endre | endre wikiteksten]

Frå 1970 til 1973 var han teatersjef ved Trøndelag Teater, der han òg hadde sin debut i 1957 i August Strindberg sin Erik XIV. Han hadde òg regioppdrag ved teateret og var tilsett der frå 1963. På Trøndelag Teater spelte han i stykke som Se deg om i vrede, Helligtrekongersaften og tittelrollen i Brand. Han har òg vore tilknytt Fjernsynsteatret (1966-70 og 1973-75) der han mellom anna vart landskjent i rolla som Hans Nilsen Fennefoss i serien Skipper Worse. Aas var i mange år òg tilknytt Oslo Nye Teater og i tillegg til ei rekkje komediar, gjorde han seg der særleg merka i stykket Dagen vender.

Frå 1978 til 1983 var han instruktør for OlsokspeletStiklestad. For innsatsen sin her mottok han Stiklestad-prisen i 1980.

Dei siste årene før han døydde hadde han fleire gjesteopptrede ved Nordland Teater.

Film og TV[endre | endre wikiteksten]

Aas hadde sin filmdebut 1964 i Alle tiders kupp, og hadde ei rekkje roller i norske filmar både på 1960- og 1970-talet. Av dei mest nemndeverdige filmane er Smuglere (1968), Skulle det dukke opp flere lik er det bare å ringe (1970) og Rallarblod (1979), samt fleire filmar i serien om Olsenbanden.

I tillegg har Aas hatt fleire opptrede på fjernsyn, mellom anna i miniserien Skipper Worse i 1968, og ved fleire høve saman med Rolv Wesenlund i serien om Fleksnes. Frå Fleksnes-serien vert han kanskje best hugsa frå rolla som svirbroren «Rødhette» i episoden Rotbløyte frå 1981, og som hysterisk lege i episoden Det går alltid et tog frå 1974. Arne Aas hadde den siste rolla på TV i kortfilmen Operasjon Popcorn i 1998.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

TV-opptredener[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]