Arne And

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arne and (svensk Arne Anka) er ein svensk teikneserie teikna av Charlie Christensen. Arne minnar til ein viss grad om Donald Duck (svensk Kalle Anka), men dette er berre på overflata, som personlegdomar har dei svært lite felles. Serien vart teikna mellom 1983 og 1995, først i fagforeiningsbladet Metallarbetaren. Arne har også gått som teaterstykke på Stockholms stadsteater, med Robert Gustafsson i hovudrolla.

Søksmål frå Disney[endre | endre wikiteksten]

Midt på 1980-talet gjekk Disney Corporations til søksmål mot Arne Anka på grunn av likskapen med Donald. Disney meinte at dei var utsette for plagiat, og at figuren var for lik Donald for deira smak. Arne si livsførsel og framferd var og i strid med Disney sine ideal. Alexander Barks svara med å la Arne ta ein plastisk operasjon slik at nebben hans vart spissare og mindre likt Donalds. Det tok ikkje lange tida før Arne kjøpte seg ein lausnebb til å ha over den andre, som var meir i Donald-stil, men med hyssing kring skallen. Sidan gjekk Arne med denne lausnebben til søksmålet vart droppa, og hyssingen forsvann. I løpet av desse åra utvikla Christensen teiknestilen slik at Arne vart meir karikert, og mindre opplagt lik Donald. Seinare har søksmålet vore ironisk kommentert i serien, til dømes den gongen Arne stod framfor spegelen for å finne klesplagg til eit bryllaup han var beden i. Han fann ein matrosdress, og då han tok dressen på, sa han berre: "Niks. Går eg ut i denne, blir eg og saksøkt!"

Personlegdom[endre | endre wikiteksten]

Arne And er arbeidslaus, bohem, forfattar utan oppdrag, og støtt på leit etter kvinnfolk og øl. Han rek for det meste ikring i Stockholm i lag med venene sine, Krille Krokodille og Morten Mus. Arne er kynisk og svartmålande, og svært kritisk til den svenske samfunnet, politisk utvikling og dei mørkare sidene av moderniteten. Trass i den utsvevande livsførsla til Arne, har han eit grunnleggjande moralsyn, som stundom kjem i konflikt med framtoninga elles. Han er ofte nytta av forfattaren for å peike på skakke tilhøve i samfunnet. Ein gong gjorde han ein samfunnsanalyse over eit glas øl, som var så kynisk at dei fleste andre i rommet tok livet sitt. Bareigaren ba Arne om å halde kjeft for framtida, av di sanning og økonomisk vinning ikkje støtt høyrer ihop.

Serien stiller seg kritisk til nynazismen som var på frammarsj i Sverige, og nazistane er jamnt framstilt som grisar (nazisvin). Arne likar Carl Michael Bellman, og serien viser ofte til Bellmans epistlar, Gustaf Fröding og andre kjende svenske diktarar.

Arne Ankas comeback[endre | endre wikiteksten]

I december 2004 dukka plutseleg Arne Anka opp att i ein annan av Charlie Christensens seriar, Konrad K. Serien vart publisert i desembernummeret av avisa Dagens Arbete. Etter desembernummeret vart Arne Anka nok ein gong hovudperson og Konrad K tok over Alexander Bark si rolle som forteljar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]