Arne Arnesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Arnesen
Fødd28. juli 1847
Uskedalen
Død9. juni 1908
Christiania
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Arne Arnesen (28. juli 18479. juni 1908) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann, opphavleg frå Uskedalen i Kvinnherad.

Arnesen var son av ein gardbrukar og landhandlar i Kvinnherad. I unge år var han tilsett på faren sin landhandel, tok i 1865 til i forretninga til Edvard Grieg i Bergen. Nokre år etter etablerte Arnesen seg som skipshandlar med eige handelshus i Bergen. I 1877 flytta han til Kristiansund der han dreiv skipshandel og handla med sild og fisk.

Arnesen var medlem av bystyret i Kristiansund i 22 år, nokre år ordførar og varaordførar. Han hadde også andre tillitsverv i Kristiansund, mellom anna var han direktør i Kreditbanken. Arnesen var særleg interessert i fiskeripolitikken, styremedlem i det lokale fiskeriselskapet i 25 år.

Året før Norsk Selskap til Skipbrudnes Redning (NSSR) vart danna i 1891, hadde Arnesen teke initiativet til eit lokalt basert redningsselskap for Kristiansund og mørekysten. Etter bybrannen i Ålesund i 1904 organiserte han den fyrste hjelpesendinga dit.

Han vart vald til varamann for Venstre ved stortingsvalet i 1900. Ettersom den valde representanten for Kristiansund døydde, møtte Arnesen fast på Stortinget frå januar 1901. Perioden 1903-06 møtte han for Kristiansund som fast representant. I 1905 røysta han for republikk ved valet av styresett. Arnesen var varamann til Stortinget 1906-09. Han møtte i 1907 frå 1. mai og han vart innkalla på ny i mai 1908. Vel framkomen i Kristiania døydde han den 9. juni 1908.

Han vart tildelt 7. juni-medaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]