Arne Dørumsgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Dørumsgaard
Fødd7. desember 1921
FødestadStavanger kommune
Død13. mars 2006
DødsstadMarzio
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somspråkforskar, songar, komponist, omsetjar
PrisarBastianprisen

Arne Dørumsgaard (7. desember 192113. mars 2006) var ein norsk komponist som òg er kjend som attdiktar av austerlandsk poesi. Som ung var han elev av musikarar som Ivar Johnsen og Karl Andersen. Frå 1949 var han busett i utlandet, fyrst i Frankrike, seinare i Italia. Han var statsstipendiat frå 1975 og kulturrådgjevar for regjeringa frå 1976. Dørumsgaard komponerte om lag 100 songar og nokre klaverstykke i moderat moderne stil. Attåt dette gjorde han ei heil rad med omarbeidingar av vokalmusikk frå renessanse- og barokktida og opp til 1800-talet, Canzone Scordate, som vart spela inn på plate.

Frå 1949 og utetter utførte han eit omfattande arbeid med attdiktingar frå japansk, kinesisk og koreansk poesi. Den fyrste samlinga med klassisk kinesisk poesi, Blomster fra de keiserlige haver, kom i 1951. Fram til 1993 rakk han å gje ut 25 bind med attdiktingar av den gamle, austerlandske poesien. På bakgrunn av denne innsatsen vart han i 1979 løna med Bastianprisen. Attåt desse attdiktingane skreiv han òg boka Om å gjendikte kinesisk poesi (1972). Ifølgje Store Norske Leksikon er dei musikalske og poetiske attdiktingane «...gjort med fin kunstnerisk sans og forståelse, og blir høyt verdsatt».

Dørumsgaard sette òg spor etter seg som musikksamlar. Gjennom mange år skapte han seg ei stor samling grammofonplater og opptak frå musikalske storhendingar på 1900-talet. I samarbeid med Stavanger kommune skipa han i 1984 stiftinga Norsk Lydinstitutt Stavanger, og i 2003 fekk samlinga eigne lokalar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]