Arne Dagsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Dagsvik
Fødd 1947

Arne Nikolai Dagsvik (f. 1947)[1] er ein dirigent, komponist og arrangør som særleg har arbeidd med kor-musikk. Han kjem opphavleg frå Åfjord i Sør-Trøndelag, men har vore busett i Skånland kommune i Troms i over 39 år.

Arne Dagsvik er utdanna lærar og organist, men har arrangert eller komponert meir enn 1000 songar for kor. Han har dirigert kor i meir enn 48 år, og har lenge jobba som musikklærar for vidaregåande skule. I 1993 vart han tildelt Nordlysprisen, som vert gjeven til utøvande musikarar eller komponistar som har utmerka seg ved høgt kunstnarisk nivå gjennom si verksemd i Nord-Noreg.[2] Då han fekk prisen, fekk han denne omtalen:
«Hadde han drevet med popmusikk hadde alle kjent navnet hans. Men Arne Dagsvik har hele livet brukt sine evner innen korbevegelsen og aldri fått den oppmerksomheten han fortjener.»

Arne Dagsvik sine arrangement og komposisjonar har vorte utgjevne på cd-ar av m.a. Det norske kammerkor, Chorus - landsdelsmusikerne i Troms, Skruk, Skjervøykoret, Trondheim kammerkor, Nordnorsk kammerorkester, Alta motettkor og Griegakademiets kammerkor.[3] I 2013 var han ein av kandidatane til å vinna Harstad sparebanks kulturpris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]