Arne E. Grønningsæter
Arne Eliasson Grønningsæter (10. september 1847–23. februar 1926) var ein norsk lærar, kyrkjesongar og lensmann frå Grønningsæter i dåverande Norddal kommune. Han var ordførar i Hjørundfjord i 1899.
Grønningsæter var son til Elias Arnesson Grønningsæter og bror til Nils E. Grønningsæter. Han var utdanna lærar, og skulte ei tid i Sykkylven. Frå 1876 hadde han stilling som lærar og kyrkjesongar i Hjørundfjord. Han kjøpte jord og bygde hus på Rise, hadde såleis kort avstand til kyrkja på Sæbø. Også postopnar. Frå 1882 var han medlem i heradsstyret for Hjørundfjord. Han var varaordførar 1884-98, og var vald til ordførar for 1899. Hausten 1899 fekk han jobben som lensmann i Dale og flytta dit. Han busette seg på Sylte i Norddal. Han var lensmann til 1923.
Grønningsæter var gift med Nikoline Madssdotter Blindheim (1853-1899). Dei var foreldre til sju born, mellom dei Anton Grønningsæter. Arne Grønningsæter var «ein heidersmann i all si ferd.... hyggjeleg og omgjengeleg». Han hadde «eit ope sinn og stilte opp når folk hadde bruk for hans gode arbeidsevner.»[treng kjelde]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 46, s. 54f. 2024.
- Folketeljing 1900