Arne Emil Christensen jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Emil Christensen jr.

Christensen ved Klåstadskipet, som han hadde ansvaret for utgravninga og oppbygging av.
Fødd1936
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor

Arne Emil Christensen (fødd 11. mai 1936) er ein norsk arkeolog som er professor emeritus i nordisk arkeologi ved Universitetet i Oslo. Frå 1990 til 2006 hadde han ansvar for Vikingskipsmuseet på Bygdøy. Han vart tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull i 2009.

I 1967 leia Christensen, saman med Svein Molaug, den første utgravingssesongen ved vraket av fregatten «Lossen» ved Hvaler. Han ver soleis reknast som ein av pionerane innan norsk marinarkeologi. Christensen har mellom anna delteke i Helge og Anne Stine Ingstad sine utgravingar på L'Anse aux MeadowsNewfoundland. Han hadde også ansvaret for utgravinga av Klåstadskipet.

Christensen har arbeidet med temaet båtar og båtbygging, i skjeringspunktet mellom arkeologi og etnologi. Han har publisert mykje om dette emnet.

Arne Emil Christensen jr. er fetter til etnologen Arne Lie Christensen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]