Arne Fjellbu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Fjellbu

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1890
Decorah
Død

9. oktober 1962 (71 år)
Trondheim

Yrke prest, dagbokskrivar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Arne Fjellbu på Commons

Arne Fjellbu (fødd 19. desember 1890 i Decorah i Iowa i USA, død 7. oktober 1962 i Trondheim) var ein norsk teolog. Han var biskop i Nidaros bispedømme fra 1945 til 1960. Som domprost i Trondheim vart han i 1942 avsett og forvist av Vidkun Quisling. Etter å ha flykta til Sverige vart han i 1944 konstituert biskop for Den norske kyrkja i dei frigjorde områda i Nord-Noreg.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Arne Fjellbu var fødd i USA, der faren Karl Anton Fjellbu var prest. Han kom til Noreg ti år gammal. Begge foreldra kom opphavleg frå Kråkstad i Akershus.

Arne Fjellbu vart cand.theol. i 1914.

Prest[endre | endre wikiteksten]

I fleire år var han sekretær i Norges kristelige studentforbund. Eit år var han luthersk prest i Berlin. Etter to år som prest i Borge i Østfold vart han i 1921 student- og hjelpeprest i Nidarosdomen, fra 1937 domprost i Nidaros.

Den folkelege motstanden mot Quislings tyskvennlige NS-regjering under krigen var stor. Bildet viser folkehavet utanfor Nidarosdomen 1. februar 1942 der Fjellbu demonstrativt heldt gudstjeneste etter at NS-markeringen til støtte for regjeringsinnsettelsen i Oslo var ferdig.
Foto: Sven Andreassen/Trondheim byarkiv

Fjellbu var og aktivt med i kyrkjekampen før 1. februar 1942. I samband med at Quisling skulle innsettast som ministerpresident hadde Kyrkjedepartementet gitt ordre om at det skulle haldast ei særskild festgudsteneste i Nidarosdomen. Fjellbu kunngjorde då at den vanlege høgmessa vart utsett til kl. 14. Medan festgudstenesta stort sett berre hadde samla NS-medlemar, strøymde folk til domkyrkja for å høyre Fjellbu. Men ein halvtime før gudstenesta skulle ta til, greip politiet inn, stengde alle inngangar til kyrkja og jaga vekk dei som var på veg inn. Gudstenesta gjekk likevel sin gong, og på plassen utanfor samla det seg etter kvart fleire tusen menneske, som spontant tok til å synge salmar.

Den 19. februar 1942 vart Fjellbu avsett frå embetet, og frå 1. mai 1942 fekk han forbod mot å opphalde seg i Nidaros bispedømme. Under forvisinga var han mellom anna i Hvitsten, og frå juni 1943 på Andøya. Hausten 1944 flykta han til Sverige.

Biskop[endre | endre wikiteksten]

Den 15. desember 1944 vart han utnemnd til konstituert biskop for dei frigjorde områda av Noreg og deltok i frigjeringa av Finnmark.[1]

I november 1945 ble han utnemnd til biskop i Nidaros og vart vigsla i Nidarosdomen den 13. januar 1946. Han var biskop av Nidaros fram til 1960. Fjellbu stod for signinga av Olav V i Nidarosdomen den 22. juni 1958. Biskop Fjellbu var frimurar.

Fjellbu i ettertid[endre | endre wikiteksten]

Nardo (Vestlia/Steinan) i Trondheim er ein veg, Arne Fjellbus vei, oppkalla etter han.

I 2017 oppretta Nidaros bispedømmeråd Biskop Arne Fjellbus kirke- og samfunnspris. Prisen vart skapt for «å hedre personer eller organisasjoner som i biskop Arne Fjellbus ånd, gjennom sitt mot og klarsyn, har bidratt til å rette oppmerksomhet mot og bevisstgjøre betydningen av kristne og humanistiske verdier i samfunns- og kulturliv».[2]

Prismottakarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Juve, Jørgen (1906-1983) (1978). Øyeblikk. Aschehoug. ISBN 8203097111. 
  2. 2,0 2,1 Biskop Arne Fjellbus kirke-og samfunnspris. kirken.no. Besøkt 4. juni 2020.
  3. Gerd Fleischer får Fjellbu-prisen i Nidarosdomen Arkivert 2022-12-30 ved Wayback Machine.. Nea Radio. Besøkt 4. juni 2020.