Arne Garborgs plass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arne Garborgs plass, hovudbrannstasjonen til venstre og litt av Y-blokka til høgre, fotografert frå Deichmanske bibliotek. Garasjene for brannbilane har utkøyring under lokket som dekkjer den opphavlege Arne Garborgs plass, der det no er eit område med sterk biltrafikk, mellom anna på den såkalla Ring 1, som går i tunnel på strekninga herfrå til Pilestredet.
Utsyn til Arne Garborgs plass og Y-blokka gjennom eit vindauge på Deichmanske bibliotek som var knust under terroråtaket 22. juli 2011.

Arne Garborgs plass er ein plass på Hammersborg i bydel St. Hanshaugen i Oslo. Plassen ligg framfor Oslo brann- og redningsetats hovudbrannstasjon frå 1939, som òg har adresse til plassen som nr 1.

Plassen er oppkalla etter forfattaren Arne Garborg, som i mange år budde i byen og var knytt til den såkalla Kristiania-bohemen. Hans «Kristiania-romanar» står fram som noko av dei mest slitesterke i forfattarskapen.

Opphavleg låg Arne Garborgs plass under open himmel, men vart delvis overbygd med eit tak med to opningar i samband med bygginga av Y-blokka i regjeringskvartalet, ei kontorblokk med stjerneforma grunnplan som vart bygd attmed plassen og med ein fløy over han. Taket danner ein open plass framfor hovudbygningen til Deichmanske bibliotek, hovudbrannstasjonen og Y-blokka. Denne plassen har vore meir eller mindre avstengd for ållmenta etter terroråtaka 22. juli 2011.

Heile dette området kan verte endra i samband med oppattbygginga etter terroråtaket i 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]