Arne Gauslaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Gauslaa
ArneGauslaa.jpg
Fødd 8. februar 1913
Porsgrunn
Død

30. oktober 1942 (29 år)
Modum

Yrke politikar, redaktør

Arne Gauslaa (fødd 8. februar 1912 i Porsgrunn, død 30. oktober 1942 ved Modum) var ein norsk redaktør, kommunistisk arbeidaraktivist og seinare motstandsmann. Han var frå 1934 til 1941 leiar i NKU og redaktør for avisa Klassekampen (som ikkje er den same som noverande Klassekampen).

Som 17-åring deltok han aktivt og blei arrestert og fengsla i det harde og vidgjetne Menstadslaget, der forsvarsminister Vidkun Quisling sette statspolitiet og militæret inn mot streikande arbeidarar. Arne Gauslaa var aktivt med i den kommunistiske motstandsrørsla under okkupasjonen av Noreg. Han blei organisasjonssekretær i NKPs og hadde bygginga av eit nettverk for direkte motstand og illegalt arbeid som hovudoppgåve. På denne måten kom Arne Gauslaa i kontakt med motstandsrørsla mange stader i landet. I tillegg var han med i NKPs sentralkomite av 1941, og var mellom dei 21 falne av dei opphavlege 26 medlemene i komiteen. Han blei drepen 30. oktober 1942 ved Modum i kamp med Gestapo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]