Arne Hansson Baggerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Hansson Baggerud
Fødd 5. februar 1805
Nordre Land
Død

10. juni 1880
Nordre Land

Yrke politikar

Arne Hansson Baggerud (5. februar 180510. juni 1880) var ein norsk lærar, lensmann, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Nordre Land i Oppland.

Baggerud var frå garden Baggerud som faren dreiv i Nordre Land. Sjølv var han omgangsskulelærar frå 1820, i perioden 1826-36 var han huslærar. År 1836 vart han gardbrukar på Lid i heimbygda. Frå 1856 var han også lensmann i Nordre Land.

Baggerud var medlem av heradsstyret frå 1838, dei fyrste 18 åra var han i formannskapet. Han var med i forlikskommisjonen 1845-56. I 1845 fekk han oppretta ein høgre allmennskule i Land. Han var ordførar i Nordre Land frå 1849 til 1856.

Til Stortinget 1842 vart Baggerud vald til 1. varamann. I 1845 var han 4. representant frå Kristians amt og hadde så plass på alle storting fram til 1858. På ny stortingsmann 1862-66 og 1871-76. Baggerud var i 1845 medlem av kyrkjekomite nr 2, 1848 av kyrkjekomite nr 1 og i 1851 av kyrkjekomiteen, trykkekomiteen og adressekomiteen. Sidan 1854 var han medlem av valkomiteen, når han hadde stortingsplass. Sameleis var han medlem av Lagtinget frå 1857 når han sidan møtte på Stortinget. Elles var han medlem av militærkomiteen 1854, 1857, 1862-63, 1865-66 og 1871-74. På tingsamlingane 1854, 1857, 1858 var han medlem av valkomiteen. Han var 1857 medlem av komiteen om fengselslova, 1858 av finanskomiteen, 1862-63 og 1871-73 av jarnbanekomiteen. Også i fleire komitear som drøfta særlege saker var han medlem. Baggerud var med i deputasjonane som Stortinget sende til Eidsvoll 17. mai 1864, Christiania 4. november same år, til Haugesund i 1872 og til kroninga i Trondheim i 1873.

Baggerud døydde på garden sin i Nordre Land sommaren 1880. 12. mai 1885 vedtok Stortinget å stille opp ei portrettbyste av han i Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]