Arne Hestenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Hestenes
Pseudonym Plut
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. januar 1920
Tromsø Sjå dette på Wikidata
Død

3. januar 1995 (74 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata

Yrke journalist, filmmeldar, matskribent
Prisar Gullpennen, Den Spillende Faun

Arne Hestenes (29. januar 19203. januar 1995) var ein norsk journalist og forfattar. Han var knytt til avisa Dagbladet i Oslo frå 1947, der han blant anna skrev intervjuar, petitkåseri og meldingar under signaturen «Plut».

Hestenes voks opp i Tromsø. Han var bror til juristen Olav Hestenes.

Han drog til Sverige under krigen og vart opplært som kryptograf i Sikringstenesta ved Rettskontoret i Stockholm.[1]

Arne Hestenes var mellom anna kjend for ei rekkje intervju med filmstjerner og internasjonale kulturkjendisar, ikkje minst frå Filmfestivalen i Cannes. Frå han første gong skreiv om festivalen i 1949 dekka han han 40 gonger.[2]

Hestenes fekk journalistprisen, Narvesenprisen i 1963 og sidan Riksmålsforbundet sin Gullpenn i 1985. Same året fekk han òg Oslo bys kunstnarpris. Hestenes var offiser av den franske Ordre des Arts et des Lettres.[3] Til ære for Arne Hestenes stifta Dagbladet i samarbeid med Den norske filmfestivalen og Institutt for journalistikk Arne Hestenes Journalistpris (òg kalla «Hestenes-prisen»), som vert delt ut årleg i samband med Haugesund internasjonale filmfestival.[4]

Arne Hestenes og Dagbladet arrangerte elles også missekonkurransen «Frøken Norge» frå 1952 til 1956.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oslo journalistklubb 100 år : 1894-1994 : festskrift. Klubben. 1994. s. 44. ISBN 8299325102. 
  2. Hansen, Lars Ditlev (20. oktober 2011). «Monsieur Cannes». Aftenposten. Henta 4. april 2015. 
  3. «Navn i nyhetene: Ridder PLUT», NTBtekst, 13. februar 1991.
  4. Arne Hestenes i Norsk biografisk leksikon