Arne Hoel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arne Hoel
Arne Hoel 1948.jpg
Fødd 5. april 1927
Buskerud fylke
Død

10. september 2006
Nordstrand

Arne Hoel på Commons

Arne Hoel (5. april 192724. september 2006) var ein norsk skihoppar, fødd i Skoger i Buskerud. Han vert særleg hugsa for sin tre sigrar i Holmenkollen, i høvesvis 1948, 1951 og 1959. Noregsmeister vart han ein gong, i 1956. Fem år tidlegare vann han NM-sølv. Hoel representerte både Ski- og fotballklubben Lyn og Idrettslaget Varg i Oslo. Han døydde i Oslo.

Hoel vart nummer seks under vinter-OL 1952 i Oslo, og nummer 11 i vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Han kom han på 13. plass under verdsmeisterskapen 1958 i Lahti.

Hoel slo gjennom då han vann hopprennet i Svenska skidspelen i 1947. I 1954 vart hopprennet i Holmenkollen avlyst, Hoel vann ei tevling i Holmenkollbakken seinare i sesongen, eit renn som ikkje vert rekna som eit Holmenkollrenn. To år etter vart han nummer to i Holmenkollrennet, bak den ferske olympiameisteren, Antti Hyvärinen.

Etter jamn, god hopping i den tysk-austerrikske hoppveka 1958/59 enda Hoel samanlagt på tredjeplassen, bak Helmut Recknagel frå DDR og austerrikaren Walter Habersatter.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1947: Siger i Svenska skidspelen
  • 1948: Siger i Hollmenkollrennet
  • 1951: Siger i Hollmenkollrennet, nr 2 i Svenska skidspelen i Sundsvall
  • 1952: Nr 6 under OL i Holmenkollen. Nr 3 i Holmenkollrennet
  • 1955: Nr 15 i Holmenkollen
  • 1956: Nr 2 i Hollmenkollen. Nr 11 i OL i Cortina d'Ampezzo
  • 1957: Nr 9 i Holmenkollen
  • 1958: Nr 5 i Holmenkollen. Nr 13 under VM i Lahti
  • 1959: Siger i Hollmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

I 1956 vart Hoel tildelt Holmenkollmedaljen for sine bragder i Holmenkollen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]