Arne Ivarsson Grønningsæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Ivarsson Grønningsæter
Fødd 20. mai 1781
Norddal
Død

1. oktober 1858
Norddal

Yrke bonde, politikar

Arne Ivarsson Grønningsæter (20. mai 17811. oktober 1858) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Norddal. Han var far til Elias Arnesson Grønningsæter.

Han var frå garden Omnos i Valldalen i Norddal, og gifta seg til garden Grønningsæter, også i Valldalen. I 1833 var han 1. representant frå Romsdals amtStortinget, medlem av kyrkjekomiteen. Han vart i 1838 vald til fyrste ordførar i Norddal, med Sunnylven, eit ombod han hadde til og med 1844.

Grønningsæter døydde på Dale i Norddal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]