Arne Johan Gjermundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Johan Gjermundsen
Fødd 18. mars 1941
Død

21. august 2013 (72 år)

Yrke skribent

Arne Johan Gjermundsen (18. mars 194121. august 2013)[1] var ein norsk forfattar, redaktør, lingvist og NRK-journalist frå Nome i Telemark.

I 1970 var Arne Johan Gjermundsen ein stor pådrivar for oppstarten av Nome Blad som vart starta opp like etter at Ulefoss Avis gjekk inn. Noko seinare vart han redaktør for regionsavisa Telemarkingen og blei i avisa i ei årrekkje før han gjekk av på midten av åttitalet. Avisa gjekk konkurs kort tid etter.

Gjennom arbeidet i Telemarkingen fekk Gjermundsen kontakt med NRK, der han starta som lokalkorrespondent for Telemark. I 1985 vart han tilsett i Utlandssendinga før han blei nattredaktør i Dagsnytt, ei stilling han heldt i 15 år. Han blei ein kjend nyheitsopplesar gjennom dette arbeidet.

I 2006 gav Gjermundsen ut det store verket Hollamålet i Nedre Telemark på Norgesforlaget.[2] Han skreiv mykje om både dialekta og lokalhistoria i Nome og var m.a. aktivt med i Holla historielag. For dette arbeidet vart han tildelt Nome kommunes kulturpris i 2008.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]