Arne Johannessen
| Arne Johannessen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 29. april 1958 (68 år) |
| Yrke | politibetjent, fagforeiningsleiar |
| Språk | norsk, nynorsk |
| Medlem av | Politiets Fellesforbund[*], Actis |
| Arne Johannessen på Commons | |
Arne Johannessen (fødd 29. april 1958) er ein norsk politimann og fagforeiningsleiar. I september 2000 vart han leiar i Politiets Fellesforbund.
Arne Johannessen er utdanna på Befalsskolen for militærpolitiet og Politiskolen. Han har vore befal i Militærpolitiet, lensmannsbetjent i Luster i Sogn og Fjordane, forbundssekretær og leiar i Lensmannsetatens Landslag, nestleiar i Politiets Fellesforbund og lensmann i Sogndal frå 1998 til 2000. Sidan september 2000 har han vore leiar i Politiets Fellesforbund. Arne Johannessen har også vore leiar i Hafslo Arbeiderlag og kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Luster kommune.
I 2005 fekk han «Målprisen 2005» frå Luster mållag under Lustramarknaden.[1] I 2007 fekk han Målprisen frå Noregs Mållag.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arne Johannessen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2008.